Er du leiaren som skapar tryggleik, set retning og ser heilskapen?
Medisinsk poliklinikk, dagbehandling og dialyse Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Funksjonsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 2. desember
Som funksjonsleiar hos oss får du moglegheita til å utvikle teamet, påverke fagleg retning og sørgje for at kvardagen flyt smidig – ein rolle som krev både prioriteringsevne og fagleg teft.
Du vil leie eit erfaren og engasjert team av 17 sjukepleiarar, og jobbe tett saman med legar, andre avdelingar og merkantilt personell for å sikre eit heilskapleg og trygt pasienttilbod. Som funksjonsleiar inngår du i leiargruppa ved Medisinsk avdeling og rapporterer direkte til avdelingsleiar.
Medisinsk poliklinikk, dagbehandling og dialyse Stord er ei felles eining for undersøking og behandling av pasientar som ikkje krev innlegging i sjukehus. Eininga er organisert under Medisinsk avdeling ved Klinikk for Somatikk Stord, og har høg spesialkompetanse innan hjarte-, lunge-, fordøyelses- og nyresjukdommar, diabetes, kreft og anna generell indremedisin.
Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?
- Fag-, økonomi- og personalansvar, herunder å planleggja turnus og ressursbruk, følgja opp sjukefråvær og bidra til eit trygt og utviklande arbeidsmiljø
- Sikre kvalitet og kompetanseutvikling i tett samarbeid med fagsjukepleiar, avdelingsleiar, legar og andre avdelingar
- Ansvar for pasientlogistikk og drift av eininga
- Delta som sjukepleiar i pasientbehandlinga
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Leiarerfaring/utdanning er ønskeleg, men det viktigaste er at du evnar å ta leiarskap
- Relevant sjukepleiefagleg vidareutdanning er ønskeleg, men relevant sjukehuserfaring kan vege opp for manglande vidareutdanning
- Må kunna håndtera digitale verktøy i det daglege
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Kva ser me etter hos deg?
Me ser etter deg som:
- erkjenner at medarbeidarane er viktige - difor leitar me etter deg som er lyttande, tilgjengeleg, som ser dei og er oppteken av å få fram det beste i kvar enkelt
- står godt i krevjande situasjonar og du arbeidar målretta for å nå måla som er sett i avdelinga og føretaket
- er lojal, positiv og deltek konstruktivt ved behov for endringar
- blir motivert av det tverrfaglege miljøet og meistrar høgt tempo
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- er klar for nye utfordringar
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
- Høgt fagleg nivå og kollegaer som deler kunnskap
- Ein leiarjobb med mykje ansvar
- Jobb i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Moglegheit for deltaking i internt leiarutviklingsprogram (LUP)
Me oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristine Aasheim Imsland, Avdelingsleiar Medisinsk avdeling, +47 90695531, kiea@ihelse.netArbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5039695191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
66555e80-acc4-4f84-87fe-a553a6579303
- Sist endret
18. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
17b2b547e8b648e2b3f9cec7f9f4221e
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Rehabiliteringspost, Stord Sjukehus
Sted
Stord
Overlege
Arbeidsgiver
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus
Sted
Valen
Sjukepleiar/vernepleiar - 100 % fast
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Sted
Eikelandsosen