Vil du bli vår nye overlege?
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus
Sjukehusvegen 15, 5451 Valen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. juli
Valen sjukehus er ein tradisjonsrik instutisjon - sidan 1910, og har heile tida framstått moderne i si samtid med hensyn på humanistisk tilnærming og når det gjeld å ta i bruk nye behandlingsformer.
Er du ein som set pris på eit trygt og godt arbeidsmiljø, trivst med varierte arbeidsoppgåver og har interesse for fagutvikling og forsking? Då kan Valen sjukehus vere rett stad for deg.
Hos oss finn du fire døgnpostar og ein poliklinikk; Akuttpost, Psykosepost, Sikkerhetspost, Sikker/rehabilitering og eit Fact sikkerhetsteam. Faggruppa omfattar overlege med spesialitet i psykiatri, psykologspesialist , lis.lege, sosionom, psykiatriske sjukepleiarar, aktivitør og miljøpersonell.
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing og testing
- Behandling og oppfølging av pasientar
- Vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk helsevern og dom til behandling
- Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
- Inngår i bakvaktssystem for legar
- Rettleie legar i spesialisering
- Rettleiing av studentar og anna helsepesonell
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon
- Godkjent spesialist i psykiatri
- Kunnskap til EPJ med både DIPS og Meona
- Vedtakserfaring
- LiS som er nær spesialisering kan tas i betraktning
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er pasientorientert og engasjert
- har høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
- er tålmodig og evne til å knytte relasjon
- tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
- har gode samarbeidsevner
Kvifor skal du velje oss?
Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode mogleheiter til å få bruke seg sjølv fagleg gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
Helse Fonna ynskjer å legge til rette for høg fagleg standard og kompetanseutvikling for den enkelte tilsette. Som overlege tilsett i Helse Fonna har ein eit fast kursbudsjett for vedlikehald av spesialiteten.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Valen sjukehus ligg i vakker vestlandsnatur med fjell, fjord og fonn i nærleiken.
Dersom dine fritidsinteresser rettar seg meir mot det kulturelle, har kommunen eit aktivt kulturtilbod. Rosendal med baroniet ligg 30 minuttar unna med bil. Regionssenteret Husnes med kino, kjøpesenter og skule -og idrettsenter er ein 10 minutt kjøretur unna. Kommunen er også kjent som ein ein aktiv festivalkommune.
Kontaktinformasjon
Marianne Lund Anderssen, Avdelingsleiar, +47 53466407Arbeidsstad
Sjukehusvegen 155451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4972572897
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 13.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Marianne Lund Anderssen
Avdelingsleiar
+47 53466407
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4726e55d-2038-4979-adf5-c8d2fbb83264
- Hentet fra
talentech
- Referanse
77a409ae7d874b76b2f502ad45413f3f