Vi søkjer sjukepleiar!
Rehabiliteringspost, Stord Sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Vi søkjer sjukepleiar!
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 7. november
Har du lyst på ein spennande jobb der du får hjelpe pasientar med å gjenvinne funksjon og meistre eige liv og kvardag?
Då kan dette vere jobben for deg!
Rehabiliteringsposten ved Stord sjukehus, Avdeling for rehabilitering, har ledig vikariat som sjukepleiar 100% stilling. 
Rehabiliteringsposten tilbyr utreiing og behandling til pasientar med ulike samansette funksjonsnedsettingar etter sjukdom/ skade. Hovudtyngda er akutt hjerneslag og annan nevrorehabilitering.
Sjukepleiarstillinga har todelt vaktplan med dag- og aftenvakter og arbeid kvar tredje helg.
Stord kan by på koseleg småbyatmosfære, rikt idretts- og kulturliv og flott natur tett på sjø og fjell. Det er kort reiseveg til større byar som Bergen, Haugesund og Stavanger.
Rehabiliteringsposten er kjent for vårt gode arbeidsmiljø, og vi tar godt imot nye medarbeidarar. 
Velkommen til å søkje på stilling hos oss!
Kva går jobben ut på?
- Sjukepleiefagleg oppfølging av rehabiliteringspasientane
- Fokus på trening i primær ADL, styrke pasienten si eiga meistring og deltaking
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Sjukepleiar er koordinator i tverrfagleg team rundt enkeltpasientar (jamfør Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator § 22)
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskeleg med vidareutdanning i nevrosjukepleie eller rehabiliteringssjukepleie
- Ønskeleg med erfaring innan rehabilitering, og/eller arbeid med hjerneslagpasientar
- Ønskeleg med sjukehuserfaring/erfaring frå spesialisthelsetenesta
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskaper blir vektlagd
Kva ser vi etter hos deg?
- er motivert og har interesse for fagfeltet
- ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
- er både sjølvstendig og arbeider godt i tverrfagleg team
- har god klinisk vurderingsevne
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Kvifor skal du velje oss?
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande jobb
- Arbeid i lag med eit tverrfagleg team og dyktige medarbeidarar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Irene Røssland Matre, Funksjonsleiar, +47 97589023Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5031979777
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 07.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Irene Røssland Matre
Funksjonsleiar
+47 97589023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor 
- Offentlig 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 79c607b2-5352-4512-833f-e1f59a63ac42 
- Sist endret
- 24. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- d054048d4d754916a7ca48cf8717b180 
Lignende annonser
Sjukepleiar 100% vikariat Heimetjenesta Halsnøy/Husnes
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Heimetenester Halsnøy
Sted
Rosendal
Sjukepleiar, spesialajukepleiar
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Sjukepleiar/vernepleiar
Arbeidsgiver
Sikkerhetspost Valen sjukehus
Sted
Valen