Er du sjukepleiar/vernepleiar med ønske å forme framtidas heimeteneste i vakre Fusa delen av kommunen?
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Leitet 28, 5640 Eikelandsosen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar - 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. september
Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar/vernepleiarar som vil gjere ein forskjell – kvar einaste dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Heimetenesta i Eikelandsosen ser på ulike måtar å organisere arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønskjer å være med å vidareutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor avgrensingar. Stillingane er faste, men vil i første omgong dekke sjukefravær. Det er difor mogleg at stillingane blir ein del av Ressursbemanningsavdelinga på sikt, noko som inneber at ein må kunne arbeide ved fleire avdelingar ved behov.
For sykepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen.
Kvifor velge oss?
- Du får vere med på å utvikle og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nytt
- Du får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver – ingen dag er lik!
- Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper
- Du får bruke kompetansen din der behovet er størst – og kjenne at du betyr noko
- Du blir ein del av eit miljø som ser moglegheiter framfor avgrensingar
Arbeidsstad
Eikelandsosen
- Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
- Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid og palliasjon
- Dokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette
- Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester
- Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt
- Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskrus og intern opplæring
- Kunne jobbe ved fleire avdelingar ved behov
- Har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, anna helsefagleg utdanning og erfaring kan bli vurdert
- Har gjerne relevant vidareutdanning.
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar- Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg
- Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt
- Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr- Løn etter gjeldande avtalar. Sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, samt helsesjukepleiarar i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
- 100 % stilling i eit aktivt miljø, med høgt tempo, fokus på fag og gode kollegaer
- Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing
- Vi har plan for internundervisning og det er moglegheit for relevant vidareutdanning
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld og helg
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
13ab7a67-aa50-44cc-860c-4de6c29f363f
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3542191_196061_nn