Pleiemedarbeidar helg
Åse helsehus, Ålesund kommune
Åsesvingen 16, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Pleiemedarbeidar helg
- Type ansettelse
- Engasjement, deltid 14%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. januar
Har du lyst til å bli ein del av teamet vårt på Åse helsehus? Vi har behov for fleire pleiemedarbeidarar på helg og som i tillegg kan ta ekstravakter ved behov. Helgestillingene er på ca 13-20 % i dei ulike avdelingane (kvar 3. helg), noen med langvakt. Fortløpande tilsetting. Oppstart etter avtale.
Åse helsehus held til i Ålesund lokalmedisinske senter saman med legevakt, ØHD-avdeling, overgrepsmottak, corona-teststasjon m.m. Åse helsehus blei nyetablert i kommunesammenslåinga (Nye Ålesund kommune) og jobbar mot å bli eit helsehus med høg tverrfagleg kompetanse som skal vurdere og rehabilitere pasientar. Vi er ei lærande bedrift og er opptatt av å jobbe framtidsretta og innovativt. Vi benyttar oss av ulik velferdsteknologi og kartlegg pasientar som skal heim til eiga bolig med denne typen tjenestar.
Vi holder til i moderne lokaler som ble oppusset i 2017. Vi har to korttidsavdelingar og ei avklaringsavdeling som tek imot pasientar fra helseforetaket og ØHD-avdeling på Åse helsehus. Det er fleire pasientar som har innvilga langtidsplass og som ventar på plass ved andre sjukeheimar i kommuna.
Arbeidsoppgåver
Etter opplæring og god veiledning skal du kunne utføre:
- Stell og pleie.
- Dokumentasjon i journal (Helseplattformen).
- Legemiddelhåndtering (etter bestått medisinkurs).
- Observere endringer hos beboere.
- Samarbeide med pårørande, kollega og studentar.
- Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer deg som har interesse for eldreomsorg og rehabilitering.
- Relevant erfaring er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
- Beherske IKT-verktøy
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
- Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
- Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
- Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm).
Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på bebuaren/pasienten
- Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
- Sjølvstendig og samarbeidsorientert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Nytenkande og endringsvillig
- Personlege eigenskaper blir vektlagt
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver
- Gode læringssituasjonar, tverrfagleg samarbeid, nye trivelige lokaler og eit godt arbeidsmiljø.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
- Pensjonsordning i henhold til tariff
- E-læringskurs/internundervisning
- IA bedrift
- Gratis parkering
Kontaktinformasjon
Bjørg Vartdal, Avdelingsleiar, 409 16 025, Bjorg.Alise.Vartdal@alesund.kommune.noLinda Rønnestad Selbervik, Avdelingsleiar, 409 16 024, linda.ronnestad.selbervik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Åsesvingen 166017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5045980175
Stillingsprosent: 14%
Engasjement
Søknadsfrist: 11.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6619c129-0cba-487b-9eb2-1285aed670e7
- Sist endret
28. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9f591b46697e4205912431cdc63d76be
Lignende annonser
100 % vikariat som sykepleier ved Aksla og Ellingsøy heimeteneste
Arbeidsgiver
Hessa-Borgund heimetenestedistrikt
Sted
Ålesund
Sykepleier, 2 x100 % fast stilling Spjelkavik Øst hjemmetjeneste
Arbeidsgiver
Åse-Blindheim heimetenestedistrikt
Sted
Ålesund
Helsefagarbeidere 2 x 100% stilling Spjelkavik Aust heimeteneste.
Arbeidsgiver
Åse-Blindheim heimetenestedistrikt
Sted
Ålesund