Styrar ved Syvde barnehage
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Fv652 10, 6140 Syvde
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikariat med mulighet for fast stilling som styrar ved Syvde barnehage
- Oppstart
- 1. februar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 7. november
Det er no ledig eit 100% vikariat som styrar i Syvde barnehage, frå 1.februar 2026 til og med 01.08.2026. Stillinga vil kunne bli gjort fast frå 01.08.2026.
Syvde barnehage er ein barnehage med to avdelingar, som ligg fint til i Syvde med nærleik både til nærmiljø og turområde.
Barnehagen har fokus på tidleg innsats, og har inkluderande barnehagemiljø og språk (ASK) som satsingsområde. I barnehagane i Vanylven har pedagogane oppdekt plantida si i tillegg til at ein har ein ekstra plandag per år.
Arbeidsoppgåver
Til å leie og vidareutvikle Syvde barnehage søkjer vi ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt pedagogisk arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge.
Vi ønskjer ein person med interesse og engasjement for barnehageutvikling, og med ambisjonar om å vere med å skape ein endå betre barnehage i Vanylven.
Vi søkjer ein person med godkjend pedagogisk utdanning, erfaring frå barnehage og som leiar. I tillegg ser vi gjerne at du har tilleggsutdanning i barnehageleiing/administrasjon og leiing/personalleiing. Stillinga inneber fullstendig driftsansvar i samsvar med tildelte fullmakter. Styrar rapporterer direkte til kommunedirektør, og sit i kommunedirektøren si leiargruppe.
Stillinga er 90% administrativ, medan 10% vil vere på avdeling eller dekke opp vikartimar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som barnehagelærar
- God barnehagefagleg kompetanse
- Bør ha utdanning og/eller erfaring frå leiing i barnehagefeltet
- Praksiserfaring frå barnehagesektoren
- Gode digitale ferdigheiter
- God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
- God kunnskap om budsjett- og økonomiarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- God på utviklingsarbeid
- Evne til å motivere og engasjere
- Strukturert og planmessig
- Sjølvstendig og initiativrik
- Imøtekomande og omgjengeleg
- Veremåte som medverkar til eit godt omdøme for Vanylven Kommune
- Trivast godt med å ha mange utfordrande arbeidsoppgåver
- God kjennskap til og erfaring med bruk av IKT
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar
- Gode pensjonsordningar
- Lønn etter avtale
- Aktivt og godt arbeidsmiljø
- Spenannde og utfordrande arbeidsoppgåver
- Flexitid
- Erfaringsdeling og god oppfølging
- Gode forsikringsvilkår
Opplysningar om stillinga får du med Fagleiar Frode Vik, tlf 992 88 600 eller kommunedirektør Andreas Nørve, tlf 92 84 78 03
Lønn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Frode Vik, Fagleiar Kultur og oppvekst, 99288600, frode.vik@vanylven.kommune.noAndreas Chr Nørve, Kommunedirektør, 92847803, andreas.norve@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad
Fv652 106140 Syvde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4924205471
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 07.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
64d6a86a-1a32-451f-b7d5-a45e598da816
- Sist endret
22. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
90f8a63b90994636987a1e013239b6fc
Lignende annonser
Avdelingsleder (barnehage)
Arbeidsgiver
Fjordly Barnehage
Sted
Bryggja
Kirkeverge
Arbeidsgiver
Volda Kyrkjelege Fellesråd
Sted
Volda
Tilkallingsvikar barnehage
Arbeidsgiver
Hjellbakkane Barnehage
Sted
Volda