Hopp til innhold

Barnehagelærar 100%

Arbeidsgiver

Hjellbakkane Barnehage

Sted

Galmetufta 3, 6104 Volda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærer
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hjellbakkane barnehage søkjar barnehagelærarar, i 100% vikariat.

  • 20-40% i januar

  • 100% vikariat har oppstart 02.02.2026 og varar ca ut oktober 2026

  • Moglegheiter for forlengelse

Bli med å få verdens viktigaste verdiar til å vokse, i eit trygt fellesskap!!

Hjellbakkane barnehage har som mål at alle barn skal oppleve bevegelses glede og glede i samhandling med kvarandre og naturen kvar dag. Barna skal få gode opplevingar, og vi ynskjer at dei skal ta med seg gode vanar og erfaringar vidare i livet. Hjellbakkane barnehage flyttar heile barnehagen ut til ein anna lokasjon 5 veker i året (2 på hausten, 1 på vinteren og 2 på våren), so eit engasjement for friluftsliv og natur er nødvendig når ein er i vår barnehage.

Arbeidsoppgåver
  • Fagleg ansvar på basen saman med pedagogisk leiar

  • Rettleiing og støtte til medarbeidarane dine

  • Sikre at basen sine mål nås

  • Tilrettelegging for godt foreldresamarbeid

  • Bidra til evaluering og kontinuerleg utvikling

  • Halde deg og dine medarbeidarar fagleg oppdatert

  • Samarbeide med styrar og skape ei god leiargruppe på huset

Kvalifikasjonar
  • Berre kandidatar med godkjent utdanning som barnehagelærar/førskulelærar verte vurdert

  • Ønskeleg med erfaring frå barnehage, men ikkje eit krav

  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

  • Ein aktiv voksen med interesse for friluftsliv og natur

  • Kunnskap om konflikthandtering med barn er eit pluss

  • Erfaring med Alternativ Supplerende Kommunikasjoner også et pluss

Personlege eigenskapar
  • Faglege ambisjonar og hjarte for barn

  • Relasjonsorientert

  • Løysingsorientert og fleksibel

  • Stort engasjement og positiv haldning

  • Raus og tydeleg, leken og ambisiøs

  • Høg arbeidskapasitet

  • Personlege eigenskapar vil verte prioritert i tilsettinga -- vi ynskjer rett person, på rett plass, til rett tid.

Vi tilbyr
  • Attraktivt pedagogisk konsept (Skogsmulle pedagogikken)

  • Aktivt fagmiljø og engasjerte kollegaer

  • Kursing og leiarutvikling i samarbeid med Volda kommune

  • Godt arbeidsmiljø med fleire menn i barnehagen

  • Tariffavtale (PBL)

Politiattest må framleggas før tilsetting.

Om bedriften

Hjellbakkane Barnehage Hjellbakkane barnehage er ein ideell privat barnehage tufta på ein natur- og friluftsprofil. Barnehagen vart opna i 1987, og er organisert i ei stifting med eigne vedtekter. Hjellbakkane barnehage er ei pedagogisk verksemd for barn frå 0 -- 6 år. Drifta er forankra i barnehagelova med forskrifter, mellom anna rammeplan for barnehagen sitt ansvar og sine oppgåver.

"Hjellbakkane barnehage skal fremje fysisk aktivitet ute i naturen året rundt".

Vår visjon er:

"Hjellbakkane barnehage, eit trygt fellesskap i samhandling med kvarandre og naturen".

Gjennom å vere i samspel med naturen og kvarandre, ynskjer vi at barna i Hjellbakkane barnehage skal oppleve leik og meistring. Dei skal få høve til å undre seg over det som skjer i naturen i dei ulike årstidene, og dei skal få erfare korleis vi bygger glede og omtanke for miljøet og naturen rundt oss. Vi ynskjer at barna skal få gode opplevingar i naturen.

Vi har for tida 35 barn og 11 faste ansatte fordelt på to basar.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

64585ba6-be79-4387-a8d9-fa0413867a56

Sist endret

21. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

64585ba6-be79-4387-a8d9-fa0413867a56

Lignende annonser

Barnehagelærar, Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver

Oppvekst og kulturetaten

Sted

Ulsteinvik