Hopp til innhold

Sommarvikariat som assistent innan Psykiatri 

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikariat som assistent innan Psykiatrisk 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
20
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.

Kvar sommar treng vi mange flinke assistentar i arbeid og vi har ledige vikariat i sommar innan Divisjon Psykisk helsevern. 

Du må kunne jobbe i arbeidsperioden som oppgitt og ein må kunne jobbe samanhengande i minimum 6 veker.

Det er ledige vikariat ved desse avdelingane:

*  Regional sikkerheitspost (RS): Har behov i vekene 24-34. 2/3-delt turnus, 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
*  Lokal sikkerheitspost (LS): Har behov i vekene 24-34. 2/3-delt turnus, 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
*  Psykiatrisk Akuttmottak, PAM1, PAM2 Har behov frå juni. 2/3-delt turnus, 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
*  Avdeling akutt psykose, seksjon S3, S4,S5 og TPS: Har behov frå juni. 2/3-delt turnus, 2/3. kvar helg
*  Seksjon for alderspsykiatri: Har behov i vekene 25-33. 2 delt turnus, 3. kvar helg
*  Øyane DPS, Psykose- og Allmenn døgn: Har behov for både 2-delt turnus og på natt i ulik stillingsstørrelse
*  Kronstad DPS, Psykose- og Allmenn døgn: Har behov frå 23 juni. 2/3 delt turnus, 3.kvar helg

 

Du kan lese meir om avdelingane ved å klikke på link i navnet eller på vår heimeside helse-bergen.no/avdelingar


Arbeidsoppgåver

  • Du vil inngå i drifta ved avdelinga
  • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Du må ha erfaring frå psykiatri/rus/miljøarbeid
  • Du er under helsefagleg utdanning eller annan relevant utdanning
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
  • Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
  • Du har gode samarbeidsevner og godt humør

Vi tilbyr

  • Introduksjon og opplæringsdagar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Wenche Antonsen Larsen, Koordinator Bemanningssenteret, wenche.antonsen.larsen@helse-bergen.no
Karina Vorland Løvstad, Koordinator Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5062787370
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.02.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6450bc67-7947-4f37-a753-99997667804c

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d3f2a3297cbd40a1b64f598311e56a1f

Lignende annonser

Laster lignende annonser