Hopp til innhold

Vil du ha ein lærerik og spennande sommar på Haukeland universitetssjukehus?

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikariat legar/medisinstudentar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar kvar dag for å fremje helse og livskvalitet – og sommaren 2026 treng vi dyktige og engasjerte legar eller medisinstudentar med lisens til sommarvikariat ved fleire avdelingar.

Vikariata varer frå 4–10 veker, og vi har felles rekruttering for å gjere det enklare for deg som søkar.
Kandidatar som kan arbeide samanhengande og i lengre periodar vil bli prioriterte.

📅 Arbeidsperiode: veke 25–35

Her treng vi deg

Psykiatri: 

  • Psykiatrisk klinikk - 3 vikariat
  • Øyane distriktspsykiatriske senter - 1 vikariat
  • Kronstad distriktspsykiatriske senter (allmenn døgn) - 1 vikariat
  • Bjørgvin distriktspsykiatriske senter - 2 vikariat


Somatikk: 

  • Kirurgisk klinikk - Plastikkirurgisk avdeling 1 vikariat

  • Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging
  • Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon eller lisens til å arbeide som lege
    • Gjerne relevant klinisk erfaring
    • Interesse eller kjennskap til fagfeltet (legg ved dokumentasjon)
    • Kunnskap om DIPS og andre fagsystem
    • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

    Personlege eigenskapar

    • Profesjonell og empatisk i møte med pasientar
    • Imøtekommande og respektfull
    • God samarbeidsevne i tverrfagleg miljø
    • Kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
    • Bidrar til eit positivt og fagleg sterkt arbeidsmiljø
    • Målretta og effektiv

    Vi tilbyr

    • Triveleg arbeidsmiljø
    • Høgt fagleg nivå
    • Fagleg og personleg utvikling
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

     

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Linda Røthe Ystanes, Rådgivar, +47 92292668

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22
    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5092843390
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Søknadsfrist: 19.03.2026

    Om bedriften

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    764a5441-ad2a-4db1-bbeb-f75dcd87a3ec

    Sist endret

    20. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    20c49f3f8fc4460493dbfb96f32c45dd

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser