Hopp til innhold

Helsesekretær/Sekretær

Arbeidsgiver

Kirurgisk kontortjeneste Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Oppstart
3. august 2026
Stillingstittel
Helsesekretær/Sekretær
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 16. juli

Kirurgisk kontortjeneste ved Ålesund Sjukehus søkjer ein engasjert helsesekretær/sekretær i midlertidig 100% stilling for 1 år.

Arbeidet vil i hovudsak bestå av å administrere inntak for ortopedisk poliklinikk, men det er og pårekna delvis ekspedisjonsarbeid for kirurgisk poliklinikk. Vi samarbeidar tett med dei andre kirurgiske faga for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen, der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus. 
Vi ser etter deg som trivst i eit aktivt miljø, tek ansvar og ønskjer å bidra til gode pasientopplevingar og til eit positivt arbeidsmiljø. 

Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar.


Arbeidsoppgåver

  • Elektronisk pasientadministrativt arbeid som omfattar tilvising og ventelistearbeid, post- og oppgåvemeldingsarbeid, dokumentbehandling.
  • Planleggje timar ved ortopedisk poliklinikk, pasientretta arbeidsoppgåver i ekspedisjonar, og yte god pasientservice via telefon.
  • Tett samarbeid med andre faggrupper som omfattar stor grad av kommunikasjon.
  • Ta del i forbetringsarbeidet i seksjonen ved å oppretthalde rapportar og melde eventuelle fristbrot. 
  • Anna praktisk og førefallande arbeid som kan dukke opp ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Har svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skritleg, og er komfortabel med å føre ein samtale på engelsk ved behov. 
  • Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, men relevant erfaring som sekretær frå ortopedisk fagområde vil bli vektlagt.
  • Gode IT-kunnskapar.
  • Det er ønskeleg med god kjennskap til Helseplattformen frå før av.

Personlege eigenskapar

  • Positiv og ein god relasjonsbyggjar som er lett å samarbeide med.
  • Du må vere omstillingsdyktig, då det kan skje endringar på kort tid.
  • Fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet.
  • Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper og evnar å sjå eit heilheitleg bilete av ein situasjon.
  • Å vere personleg eigna vil bli vektlagt i vurderinga.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ta gjerne kontakt for meir informasjon. 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Kontaktinformasjon

Sarah Malen Hagerup, Konst. seksjonsleiar, sarah.malen.hagerup@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5149767781
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 06.08.2027
Søknadsfrist: 16.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Sarah Malen Hagerup

Konst. seksjonsleiar

sarah.malen.hagerup@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

641910f9-b7df-4cc0-9482-aad8bd1b56c6

Sist endret

2. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5b6fd76d52c342fdadf90c41a12a904f

Lignende annonser

Laster lignende annonser