Hopp til innhold

Halvtårsvikariat - naturmangfald

Arbeidsgiver

Statsforvaltaren i Vestland

Sted

Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Halvtårsvikariat - naturmangfald
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Om stillinga

Statsforvaltaren har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hos oss. 

Miljøvernavdelinga vert leia frå Bergen, og har 48 tilsette fordelt på to seksjonar, naturmangfald og forureining. Begge seksjonane er lokalisert både i Bergen og på Leikanger. 

Naturmangfaldsseksjonen har no ledig eit halvtårsvikariat på kontorstad Leikanger. Det er ønskjeleg med oppstart så snart som råd.


Arbeidsoppgåver

Aktuelle arbeidsoppgåver er sakshandsaming innan seksjonen sitt ansvarsområde;

  • verneområdeforvaltning
  • utgreiing av nytt vern 
  • oppfølging av verneprosessar.

Andre oppgåver kan bli aktuelt, alt etter kva oppgåver som er prioritert, og kva erfaring og kompetanse søkjar har. 


Kvalifikasjonar

  • Høgare naturfagleg utdanning frå universitet eller høgskule, som mastergrad eller tilsvarande
  • Erfaring frå offentleg naturforvaltning vil bli vektlagt
  • Førarkort klasse B

Det er ønskjeleg med kjennskap til Elements.


Personlege eigenskapar

  • Effektiv, strukturert og sjølvstendig
  • Fleksibel og positivt innstilt til å arbeide med ulike oppgåver innan naturforvaltning  
  • Omgjengeleg i samarbeid med andre
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk)

 


Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver
  • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
  • trening i arbeidstida
  • delvis heimekontor 
  • fleksibel arbeidstid
  • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland

Vi ønskjer mangfald

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. 

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. 


Vilkår

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir

Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. 

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar, frå kr 570 000–680 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. 

Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.

Tenestemålet til embetet er nynorsk.

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.


Om bedriften

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6378c111-2a0b-41dc-8c76-9e96c2686723

Sist endret

17. desember 2025

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10272110

Lignende annonser

Laster lignende annonser