Hopp til innhold

Driftsoperatør VA i Balestrand

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Vatn og avløp

Sted

Riverdalen 5, 6856 Sogndal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vil du vere med og sikre reint vatn og gode avløpsløysingar i Balestrand?

Me i Sogndal kommune søkjer ein driftsoperatør for vatn og avløp (VA) som vil ta del i eit fagmiljø som har ansvar for noko av det mest grunnleggande me har; reint vatn i springen og trygge løysingar for avløp.

Om jobben
Du får hovudansvar for drift og vedlikehald av kommunale vass- og avløpsanlegg i Balestrand – frå leidningsnett og pumpestasjonar til høgdebasseng og reinseanlegg.

Det VA-tekniske er kjernen i stillinga, men me er eit lite og tett team så når alt går som det skal, vil du òg bidra i resten av teknisk drift i Balestrand.
Stillinga er 100 %, og du vil vere ein viktig del av beredskapen for vatn og avløp.

Arbeidsstaden blir i hovudsak Balestrand, både fordi beredskap krev lokal tilstadevering og fordi ferga ikkje alltid går om natta. Du rapporterer til formann på Leikanger og til leiar for VA i Sogndal kommune. 

Kven er du?
Me trur du:

  • Har fagbrev som røyrleggar
  • Har erfaring frå drift og vedlikehald av va-anlegg eller liknande arbeid
  • Har førarkort klasse BE og T
  • Handterer vanlege IT-verktøy (word, excel, teams osv.)
  • Snakkar og skriv godt norsk

Som person er du positiv, sjølvstendig og trygg i faget ditt. Du tek ansvar, men samarbeider godt når det trengst. Du trivst best når du får vere ute, ser resultatet av jobben din og veit at det du gjer har direkte betydning for folk som bur her. 

Me tilbyr
  • Ein variert og samfunnsnyttig jobb med stort ansvar
  • Høve til fagleg utvikling og opplæring i eit solid fagmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Trygg arbeidsplass i ei framtidsretta kommune
  • Ein arbeidskvardag der du faktisk ser kva innsatsen din betyr
 

Om Sogndal kommune
Sogndal kommune ligg i hjarta av Sogn, med fjord og fjell rett utanfor kontordøra. Me er regionsenter med om lag 12 000 innbyggjarar og rundt 1 300 tilsette, og me har ambisjonar om å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar. 

Administrasjonsmålet er nynorsk. Me har seks månaders prøvetid. Vassforsyning er samfunnskritisk infrastruktur, og søkarar må vere budd på at me vil legge til grunn sikkerheitsmessig skikketheit i vurdering av aktuelle kandidatar til stillinga.


Søknad sender du via EasyCruit.

Legg ved kopi av vitnemål.

Me gler oss til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

634f9e61-c62a-45af-9936-9a8e0d6c0369

Sist endret

3. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3567791_218979_nn

Lignende annonser