Fagansvarleg kapital- og balansestyring
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Langebruvegen 12, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagansvarleg kapital- og balansestyring
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. juli
Vil du jobbe tett på leiinga og bidra til korleis banken styrer kapital, likviditet og vekst?
I SpareBank 1 Sogn og Fjordane jobbar vi kvar dag for å skape gode kundeopplevingar, utvikle sterke lokalsamfunn og ta gode val for framtida. For å få til det treng vi flinke fagfolk som gir banken kontroll, innsikt og retning.
No styrkar vi arbeidet med balanse- og kapitalstyring, og søkjer ein analytisk og forretningsorientert fagansvarleg til ei viktig rolle i banken. Her får du arbeide tett på leiinga og vere ein sentral bidragsytar i banken sitt arbeid med kapital, likviditet og balanse.
Du blir ein del av avdelinga Økonomi og innsikt, eit fagmiljø med 14 medarbeidarar innan finans, økonomi, analyse, teknologi og styring. Avdelinga skal sikre god styring, kontroll og eit påliteleg beslutningsgrunnlag for heile banken.
I denne rolla vil du jobbe med: Analyse og styring- analysere utvikling i kapital, likviditet og balanse
- utarbeide kapitalprognosar og vurdere kapitalbruk
- bidra til å forstå samanhengen mellom vekst, risiko og lønsemd
- førebu og vidareutvikle rapportering til likviditets- og balansekomiteen og leiinga
- identifisere risiko og viktige utviklingstrekk
- utarbeide konkrete forslag til tiltak og prioriteringar
- bidra i utarbeiding og kvalitetssikring av kapitaldekningsrapportering
- delta i anna ekstern rapportering
- sikre konsistens mellom intern styring og ekstern rapportering
- utvikle betre analysar, modellar og styringsinformasjon
- bidra til meir framoverskuande og beslutningsrelevant rapportering
Vi ser etter deg som kombinerer analytisk styrke med god forretningsforståing, og som trivst med å arbeide tett på viktige beslutningar i banken.
Du har høgare utdanning på masternivå innan økonomi, finans eller tilsvarande, og gjerne nokre års relevant erfaring frå bank, analyse, controlling, risiko eller finans.
For å lykkast i rolla må du trivast med å arbeide strukturert og sjølvstendig, ta eigarskap til oppgåvene dine og følgje opp detaljar heilt fram til leveranse. Du må vere oppteken av kvalitet, evne å sjå samanhengar og like å setje deg inn i komplekse problemstillingar.
Vi ser og for oss at du har:
- god forståing for samanhengen mellom kapital, risiko og lønsemd
- evne til å utfordre og stille gode spørsmål
- tydeleg kommunikasjon og kan gjere komplekse problemstillingar forståelege
- ønskje å vere med å utvikle både fagområdet og banken vidare
- god skriftleg og muntleg forståing på norsk og engelsk
I denne rolla får du jobbe tett på banken si leiing og få innsikt i korleis banken blir styrt. Du får vere med å påverke beslutningar knytt til kapitalbruk, vekst og finansiering, og bygge erfaring innan eit viktig fagområde i banken.
Rolla gir eit godt utgangspunkt for vidare utvikling innan finans, analyse og strategi.
Vi legg vekt på gode vilkår og ein kvardag som gir både fagleg og personleg utvikling. Du får fleksibel arbeidstid og redusert arbeidstid frå mai til august, i tillegg til gode pensjons- og forsikringsordningar og funksjonærvilkår på renter.
Vi tilbyr medeigarskap i banken gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, og du får høve til å leige banken sine hytter og leilegheiter.
Ta gjerne kontakt med Irene Flølo om du er nygjerrig eller har spørsmål om rolla.
Søknadsfrist: 01.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
62beb59b-208a-4c8a-bdcc-67726d4e42b7
- Sist endret
28. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cc835449c65d448287f824f8e3d5b41e