Hopp til innhold

Fagansvarleg Etterleving

Arbeidsgiver

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Sted

6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Fagansvarleg etterleving
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 7. juli

Vil du ha ei sentral rolle i arbeidet med regelverk, styring og rådgiving i banken? 

SpareBank 1 Sogn og Fjordane søkjer etter fagansvarleg etterleving. I dag har avdeling for risikostyring og etterleving sju årsverk som utfører ulike typar analyse-, kontroll- og utviklingsarbeid. Avdelinga ser også til at banken held seg innanfor eksternt lovverk, og at strategiar og andre styrande dokument blir følgde og vidareutvikla. 

Gjennom arbeidet får du innsikt i korleis banken blir styrt og driven. Har du interesse for regelverk og evne til å sette deg inn i komplekse problemstillingar, ønsker vi å høyre frå deg. 

Dei tilsette ved avdelinga har mellom anna ansvar for rapportering til leiing og styre i banken, og for kommunikasjon med Finanstilsynet, bransjeorganisasjonar og ratingbyrå. I tillegg gir avdelinga råd og støtte til andre avdelingar i banken. Det er i dag to tilsette ved avdelinga som i hovudsak arbeider med etterlevingsarbeid, og i denne stillinga vil du arbeide tett med desse. 

Arbeidsoppgåver 

  • Identifisere risiko for at banken ikkje oppfyller krav i lovverk og regelverk. Stillinga har eit særleg ansvar for oppfølging av lov om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering.  
  • Foreslå og følge opp tiltak som bidreg til at banken etterlever gjeldande regelverk.  
  • Halde deg orientert om regelverk og regelverksendringar som regulerer drifta til banken.  
  • Gje råd og rettleiing til leiing og tilsette om gjeldande plikter etter lovverket.  
  • Vere etterlevingsansvarleg for banken sitt verdipapirføretak (den delen av banken som hjelper kundane med investeringar i finansielle instrument som aksjar og fond).  
  • Delta i prosjekt og utviklingsarbeid i banken og SpareBank 1-alliansen.   

For den rette kandidaten vil det også vere mogleg å bidra i analysearbeid knytt til risikostyring. 

Bakgrunn, kvalifikasjonar og eigenskapar 

Vi ser etter deg som har erfaring frå bank eller finans og/eller god juridisk kunnskap. Du trivst med å arbeide strukturert og grundig, og likar å setjte deg inn i komplekse problemstillingar og regelverk. 

Du har høg fagleg integritet og er trygg nok til å stille spørsmål, utfordre vurderingar og komme med eigne råd når det er nødvendig. Samtidig har du gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med ulike fagmiljø. Du evnar å gjere regelverk og krav forståelege for andre, både munnleg og skriftleg. 

Dette får du hos oss 

Vi legg vekt på gode vilkår og ein kvardag som gir både fagleg og personleg utvikling. Du får fleksibel arbeidstid, i tillegg til gode pensjons- og forsikringsordningar og funksjonærvilkår på renter. 

Vi tilbyr medeigarskap i banken gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, og du får høve til å leige banken sine hytter og leilegheiter. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt imot deg. 

 

Arbeidsstad: Førde 

Søknadsfrist: 07.07.2026 

 

Vi vurderer søknader fortløpande, men tar ingen avgjerd før søknadsfristen har gått ut. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med leiar avdeling for risikostyring og etterleving, Harald Slettvoll. 

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det. 

Kontaktperson for stillingen

Harald Slettvoll

Leiar risikostyring og etterleving

481 19 816

harald.slettvoll@ssf.no

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

35d1940a-59dd-472a-b96e-78157d0f6b17

Sist endret

16. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ecd36eb2b9fa4bcd88793534d4915ab7

Lignende annonser

Laster lignende annonser