Investeringsrådgjevar
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Langebruvegen 12, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Investeringsrådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. juli
SpareBank 1 Sogn og Fjordane styrkar satsinga på sparing og investering, og no søkjer vi etter investeringsrådgjevarar.
Vil du vere med å bygge eit av dei mest spennande fagmiljøa innan sparing og investering på Vestlandet? Vi samarbeider tett med SpareBank 1 Forvaltning, eitt av dei største produkt- og forvaltningsmiljøa i landet, og har høge ambisjonar for vidare vekst.
Etterspurnaden frå kundane våre aukar, både i privat- og bedriftsmarknaden. No ser vi etter deg som vil utvikle eigen kundeportefølje, vinne nye kundar og skape resultat gjennom gode investeringsråd.
Dette får du jobbe med- Rådgjeving og sal innan sparing og investering
- Utvikle og følgje opp eigen kundeportefølje
- Ta ein aktiv posisjon i marknaden og vinne nye kundar
- Byggje og vidareutvikle langsiktige kunderelasjonar
- Bidra til å styrkje banken si satsing på sparing og investering
Vi ser etter deg som har erfaring frå bank eller finans, gjerne innan investeringsrådgjeving, sparing eller kapitalforvaltning. Du motiverast av å skape resultat og byggje langsiktige relasjonar med kundane dine.
Du er kommersiell, initiativrik og har høg gjennomføringsevne. Samtidig held du deg fagleg oppdatert og evnar å omsetje marknadsinnsikt til gode råd og løysingar for kundane.
Autorisasjon som finansiell rådgjevar er ein fordel. Har du det ikkje i dag, legg vi til rette for at du kan oppnå autorisasjon.
Vi veit at gode lag blir skapte av ulike folk, og vi oppmodar alle som kjenner seg igjen i dette til å søkje, uavhengig av bakgrunn, alder, kjønn eller funksjonsevne.
Kvifor velje ossDu blir ein del av eit kompetent fagmiljø i vekst, med tett samarbeid med SpareBank 1 Forvaltning. Her får du moglegheit til å påverke både eigen kundeportefølje, eigne resultat og vidare utvikling i eit satsingsområde med høge ambisjonar.
Vi legg vekt på gode vilkår og ein kvardag som gir både fagleg og personleg utvikling. Du får fleksibel arbeidstid og redusert arbeidstid frå mai til august, i tillegg til gode pensjons- og forsikringsordningar og funksjonærvilkår på renter. Vi tilbyr medeigarskap i banken gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, og du får høve til å leige banken sine hytter og leilegheiter.
Kontorstad er Førde, men vi er opne for alternative plasseringar ved eitt av banken sine kontor.
Nysgjerrig?Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med leiar Sparing og investering, Jan Arne Aasen.
Vi vurderar søknader fortløpande, men tar ingen beslutning før søknadsfristen har gått ut.
Søknadsfrist: 15. juli
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det.Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ccabc5a6-3662-4216-a62f-63e084c03843
- Sist endret
8. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1b5c659cfa2e437fab463d6537d4ce22