Hopp til innhold

Vil du bli vår nye seljar i VA-avdelinga?

Arbeidsgiver

Førde Sementvare AS

Sted

Sandbrekka 13, 6813 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Seljar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 14. august

Har du hjarte for VA og lyst til å skape resultat saman med oss?

Vi styrkjer laget og søkjer ein framoverlent seljar til VA-avdelinga vår. Vi ser etter deg som kjenner VA-bransjen frå innsida -- gjerne med erfaring frå grøfta, montering eller prosjektgjennomføring -- og som ønskjer å bruke kompetansen din til å skape verdi for kundar og vidare vekst saman med resten av laget.

Hjå oss er beslutningsvegane korte, kollegaene jordnære og ambisjonane høge.

Kva skal du gjere?

Som seljar i VA-avdelinga blir du ein viktig bidragsytar i vidare utvikling av marknaden vår.

Du vil mellom anna:

  • Følgje opp eksisterande kundar og prosjekt

  • Oppsøkje nye kundar og skape nye forretningsmoglegheiter

  • Utarbeide tilbod og forhandle fram gode løysingar

  • Vere ein fagleg sparringspartnar for entreprenørar, kommunar og rådgjevarar

  • Bidra til vekst og lønsemd i marknaden vår

Kven er du?

Vi trur du kjenner deg att i fleire av desse punkta:

  • Du har erfaring frå VA-bransjen, gjerne frå grøfta eller montering av VA-anlegg

  • Du har forståing for korleis prosjekt blir planlagde og gjennomførte

  • Erfaring frå prosjektleiing, kalkulasjon eller sal er ein fordel

  • Du er utadvendt, sjølvstendig og flink til å byggje relasjonar

  • Du trivst med kundekontakt og motiverast av å skape resultat

Relevant erfaring er viktigare enn formell utdanning. Vi er først og fremst på jakt etter ein person som kjenner bransjen, forstår kundane sine behov og ønskjer å vere med på å utvikle Førde Sementvare vidare. Kvifor velje Førde Sementvare?

Hjå oss får du:

  • Ei sentral rolle i ei sterk og framtidsretta bedrift

  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer

  • Stor grad av fridom og ansvar

  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Konkurransedyktige vilkår

Interessert?

Har du erfaring frå VA-bransjen og lyst til å kombinere fagkunnskap, relasjonsbygging og sal? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Ta kontakt for ein uforpliktande prat -- kanskje er dette ditt neste steg i karrieren.

Om bedriften

Førde Sementvare AS er ei lokal og solid industriverksemd med lange tradisjonar innan produksjon av betong. Vi leverer kvalitetsprodukt til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør i regionen. Vi har omlag 75 ansatte.

Gjennom høg fagkompetanse og sterk lokal forankring bidreg vi til utvikling og verdiskaping i Sunnfjord og på Vestlandet.

Vi er eit konsern med ambisjonar for vidare vekst og utvikling, og legg stor vekt på kvalitet, berekraft og langsiktig forretningsdrift. Hjå oss jobbar engasjerte medarbeidarar som er stolte av faget sitt og av verksemda dei er ein del av.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

400daad6-62ed-4fbf-a934-7535a665499d

Sist endret

9. juli 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

468764925

Lignende annonser

Laster lignende annonser