Hopp til innhold

Miljøkoordinator

Arbeidsgiver

Firda vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune

Sted

Firdavegen 21, 6823 Sandane

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Miljøkoordinator
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager

Søk på jobben

Søk senest torsdag 18. juni

Frå 01.08.2026 og til 31.07.2027 har vi ledig 100 % vikariat som Miljøkoordinator.

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har om lag 420 elevar skuleåret 26/27 og om lag 70 tilsette. Om lag 270 elevar er fordelt på utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett, musikk, dans og drama. Rundt 50% av elevane bur på hybel. Dei siste åra har skulen hatt ei sentral rolle i å utvikle gode opplæringstilbod for vaksne både gjennom Gloppenmodellen og i samarbeid med Nettskulen i Vestland fylkeskommune. Skuleåret 26/27 har vi om lag 150 elevar innanfor vaksenopplæringa.


Miljøkoordinatoren er knytt til elevtenestene og Open skule ved Firda vidaregåande skule, og går inn i miljøteamet saman med andre miljørettleiarar, rådgjevarar og lærarar. Næraste overordna er avdelingsleiar for elevtenester.
Open skule er eit tilbod til elevane etter skuletida. Her kan elevane kome for å vere saman, og aktivitetane blir til i eit samspel mellom vaksne og elevar. Tilbodet omfattar mellom anna bordtennis, biljard, PlayStation og brettspel, og idrettshallen vert nytta til aktivitetar som klatring og volleyball. Det vert òg servert mat: middag eller kveldsmat med variasjon på menyen.


Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein person som kan vere ein del av miljøteamet i skuletida og samstundes drifte tilbodet med Open skule på ettermiddag/ kveld. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • støtte læringsarbeidet i vår utvida læringsarena på dagtid
  • individuell elevoppfølging og støttande samtalar med elevar
  • samarbeid med avdelingsleiar, rådgjevarar, kontaktlærarar og andre samarbeidspartnarar
  • lage til trivselstiltak i skuletida, for klasse- og/eller skulemiljøet
  • tilrettelegge for aktivitetar på Open skule på ettermiddag/ kveld
  • lage middag eller kveldsmat på Open skule

Den som vert tilsett, skal fungere som eit bindeledd mellom skuledagen og ettermiddagstida for elevane. Stillinga krev at ein er budd på arbeidstid både dag og kveld etter avtale.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer personar med relevant høgare utdanning og/eller erfaring frå arbeid med ungdom.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde i tilsetjingsprosessen.


Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som kommuniserer godt med elevar med særskilde behov og læringsutfordringar, og som kan samarbeide i team med føresette og kollegaer. Sterke relasjons- og samarbeidsevner vil bli vektlagde.
Vi ønskjer at du:

  • har eit sterkt engasjement der elevane er i sentrum
  • er ein trygg, tydeleg og varm vaksen
  • er oppteken av det som er best for eleven
  • har kompetanse i å byggje gode relasjonar til elevar og kollegaer
  • er positiv, fleksibel og nysgjerrig, og finn motivasjon i eiga læring og utvikling
  • er sjølvstendig og tek initiativ til aktivitetar og utvikling ved skulen
  • reflekterer over eigen praksis og dei vala du tek, og kan drøfte dei med andre
  • bidreg til å skape eit godt skule- og arbeidsmiljø

 

Vi tilbyr

 

 Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk 
- Pensjons- og forsikringsordningar 
- Godt fag- og arbeidsmiljø

Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet.

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Gje opp minst to referansar.
Ta med attestar til eit eventuelt intervju. Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato.

Søknadsfrist 18.06.2026. Oppstart: 1.august 2026.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Oddvar Aalde tlf 481 06 825 eller rektor Tove Hanne Ommedal tlf 930 93 933

 


Kontaktinformasjon

Oddvar Aalde, +47 48106825

Arbeidsstad

Firdavegen 21
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5140405420
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 18.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Oddvar Aalde

+47 48106825

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6233f032-fd0c-466c-9bd1-6934bccf26f5

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e06e500e486c4825aa8b20f3223f9e30

Lignende annonser

Laster lignende annonser