Hopp til innhold

Miljøterapeut

Arbeidsgiver

Nordfjord psykiatrisenter, Seksjon døgn, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 5. juli

Vil du vere med og styrke den psykiske helsa i Nordfjord?

Er du ein person som brenn for å gjere ein forskjell i menneske sine liv – spesielt når livet er som vanskelegast? Ønskjer du å bidra til at folk opplever respekt, likeverd, medverknad og omsorg i møte med psykiske utfordringar? Då kan dette vere akkurat den jobben du har venta på!

Ved Nordfjord psykiatrisenter jobbar vi kvar dag for å betre folkehelsa – med hjartet i det vi gjer. Seksjon døgn er ein viktig del av dette arbeidet, med 12 sengeplassar og eit engasjert team på om lag 30 tilsette.

Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort engasjement – frå psykologar og overlegar til miljøterapeutar, miljøarbeidarar, erfaringskonsulentar og helsesportspedagog.

Seksjon Døgn har ledig eit 100 % vikariat frå 01.09.2026 til 31.05.2026, og vi ser etter deg med treårig helse- og/eller sosialfagleg utdanning – til dømes sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar eller sjukepleiar.

Stillinga inneber tredelt turnus inkludert arbeid på natt. Arbeid kvar 3. helg eller mulighet for arbeid kvar 4. helg med lange vakter. 

Hjå oss får du:
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å påverke og utvikle tilbodet til pasientane
  • Ein variert arbeidskvardag med pasientnært arbeid
  • Ein meiningsfull kvardag der du gjer ein forskjell

Oppstart etter nærare avtale.

Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her.


Vi tilbyr

  • Jobb saman med dedikerte og dyktige medarbeidarar med varierte arbeidsoppgåver
  • Interne fagdagar og undervisning for fagleg og personleg utvikling
  • Fokus på eit triveleg og trygt arbeidsmiljø til det beste for oss og pasientane
  • Fleksibilitet til å kunne ta initiativ og påvirke eigen arbeidskvardag
  • Får vere ein del av ein større organisasjon i stadig utvikling

Arbeidsoppgåver

  • Ta vare på og gje behandling til menneske som er i døgnopphald, i samsvar med pasienten sin behandlingsplan
  • Involvere pårørande i behandlinga til deira nære
  • Kome med faglege innspel for å utvikle tenestene våre til det beste for pasientane
  • Delta i miljøterapeutiske aktivitetar som til dømes turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar
  • Samarbeid med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å møte pasientar med respekt og eit ope sinn
  • Evne til å arbeide målretta og vere løysingsorientert
  • Ønskje om fagleg utvikling
  • Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
  • Oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø og har gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner

Personlege eigenskapar vert i stor grad vektlagde.

Kvalifikasjonar

  • Interesse for fagfeltet
  • Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • Treårig helse- og/eller sosialfagleg utdanning (sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar og sjukepleiar)

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, (+47) 971 89 629

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9
6770 NORDFJORDEID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5145327603
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.05.2027
Søknadsfrist: 05.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Synnøve Merethe Johnsen

Seksjonsleiar

(+47) 971 89 629

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

37692784-5dfc-4c53-a71f-9a78107452b2

Sist endret

19. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bd83f1b2e08644ac8a4e678358fc56ab

Lignende annonser

Laster lignende annonser