Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Nordfjord psykiatrisenter, Seksjon døgn, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 5. juli

Vil du vere med og styrke den psykiske helsa i Nordfjord?

Er du ein som ønskjer å gjere ein forskjell for menneske i sårbare livssituasjonar? Ønskjer du å bidra til at pasientar blir møtt med respekt, likeverd og omsorg?
Då kan dette vere ei stilling for deg.

Ved Nordfjord psykiatrisenter jobbar vi kvar dag for å betre folkehelsa – med hjartet i det vi gjer. Seksjon døgn er ein viktig del av dette arbeidet, med 12 sengeplassar og eit engasjert team på om lag 30 tilsette.

Hjå oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort engasjement – frå psykologar og overlegar til miljøterapeutar, miljøarbeidarar, erfaringskonsulentar og helsesportspedagog.

Seksjon døgn har ledig eit 100 % vikariat frå 01.09.2026 til 31.05.2027. Vi søkjer deg som har autorisasjon som helsefagarbeidar. 
Stillinga innber tredelt turnus inkludert arbeid på natt. Arbeid kvar tredje helg eller mulighet for arbeid kvar fjerde helg med lange vakter. 

Hjå oss får du:
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å påverke og utvikle behandlingstilbodet
  • Ein variert arbeidskvardag med pasientnært arbeid
  • Ein meiningsfull kvardag der du gjer ein forskjell
Oppstart etter nærare avtale.

Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her


Vi tilbyr

  • Arbeid saman med dyktige og engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg miljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og ein aktiv arbeidskvardag
  • Interne fagdagar og undervisning som gir fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å ta initiativ og påverke din eigen arbeidskvardag
  • Å ta del i ein organisasjon i utvikling, med fokus på kvalitet i pasientbehandlinga

Arbeidsoppgåver

  • Du gir behandling og oppfølging til pasientar i døgnopphald, i samsvar med behandlingsplan
  • Du samarbeider med og involverer pårørande i pasientbehandlinga
  • Du bidreg med faglege innspel til utvikling av tenestene våre
  • Du deltek i miljøterapeutiske aktivitetar som turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar
  • Du samarbeider med kommunehelsetenesta, NAV og andre samarbeidspartnarar
  • Du deltek i legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer

Personlege eigenskapar

  • Du møter pasientar med respekt, ro og eit ope sinn
  • Du arbeider strukturert og målretta, og finn gode løysingar i kvardagen
  • Du trivst med å samarbeide i tverrfaglege team og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er motivert for fagleg utvikling og ønskjer å lære

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • Interesse for fagfeltet
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, (+47) 971 89 629

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9
6770 NORDFJORDEID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5146015834
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.05.2027
Søknadsfrist: 05.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Synnøve Merethe Johnsen

Seksjonsleiar

(+47) 971 89 629

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

50dfdecd-0db0-41f9-8f87-667643132b6a

Sist endret

19. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c7f39a3ee22d4b4cb0c5a2ddb9c09dc6

Lignende annonser

Laster lignende annonser