Hopp til innhold

Vernepleiar og miljøterapeut ved Elvebøen 

Arbeidsgiver

Bu- og miljøtenesta, Stad kommune

Sted

Elvebøen 2, 6770 Nordfjordeid, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar og miljøterapeut ved Elvebøen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 24. juni

Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø? Då kan dette vere stillinga for deg!

Ved Bu- og miljøtenesta, avdeling Elvebøen, har vi følgjande ledige stillingar:

1 x 100 % fast stilling som vernepleiar frå 20.08.2026
1 x 100 % vikariat som miljøterapeut frå snarast til 31.03.2027
1 x 100 % vikariat som vernepleiar frå 01.11.2026 til 01.11.2027

Stillingane inkluderer 20 % frie timar.

Vi ber om at du skriv tydeleg i søknaden kva stilling du søkjer på.
Søkjarar til den faste stillinga vert oppmoda om å opplyse i søknaden om dei også er interesserte i vikariata dersom dei ikkje vert innstilte som nummer éin til den faste stillinga.

Om arbeidsplassen
Elvebøen høyrer til tenesta for funksjonshemma og er ei av dei største avdelingane i Bu-og miljøtenesta. Avdelinga har heildøgnsdrift og gir tenester til personar med ulike behov for oppfølging og bistand.

Som vernepleiar og miljøterapeut på Elvebøen jobbar du tett på tenestemottakarane gjennom miljøterapeutiske tiltak og individuelt tilpassa oppfølging. Du vil ha primæransvar for enkelte tenestemottakarar og vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å skape tryggleik, meistring og gode dagar. Stillingane krev at du kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivst med tett samarbeid i team. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte, og godt samarbeid er ein viktig faktor for både kvaliteten på tenestene og arbeidsmiljøet vårt.

Som vernepleiar vil du i tillegg ha ansvar for helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering i samarbeid med andre vernepleiarar og sjukepleiarar i avdelinga.

Turnus og arbeidstid
Eininga har årsarbeidsplan med tredelt turnus. Utlyste stillingar er for tida organisert med todelt turnusordning. Dei utlyste stillingane inneber dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar tredje helg eller langvakter kvar fjerde helg.

Kvifor velje oss?
Hos oss får du arbeide i eit fagmiljø med engasjerte kollegaer, varierte arbeidsdagar og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du blir ein del av ei teneste i kontinuerleg utvikling, der brukarane sine behov og livskvalitet står i sentrum.

Har du spørsmål?
Om du har spørsmål om stillinga, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat.


Arbeidsoppgåver 

  • Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
  • Rettleie studentar, lærlingar og andre
  • Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
  • Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal 
  • Tverrfagleg samarbeid
  • For vernepleiar gjelder også helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar 

  • Vernepleiar: Vernepleiar med autorisasjon
  • Miljøterapeut: Treårig helse-og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå 
  • I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort

    Personlege eigenskapar

    • Gode kommunikasjonsevner
    • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
    • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
    • Tek initiativ og ansvar
    • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
    • Personleg eigenskap vil bli vektlagt

    Vi tilbyr

    • Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
    • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
    • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

    Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.

    Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga

    Stad kommune har 6 månader prøvetid. 

    Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

    Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Camilla Andersen på telefon 45877417 eller epost camilla.andersen@stad.kommune.no

    Kontaktinformasjon

    Ann Charlotte Jansson, Assisterande Einingsleiar, 977 23 146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no
    Camilla Andersen, Avdelingsleiar, 458 77 417, camilla.andersen@stad.kommune.no

    Arbeidsstad

    Elvebøen 2
    6770 Nordfjordeid

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stad kommune

    Referansenr.: 5092841422
    Stillingsprosent: 100%
    Fast, Vikar
    Søknadsfrist: 24.06.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Camilla Andersen

    Avdelingsleiar

    458 77 417

    camilla.andersen@stad.kommune.no

    Ann Charlotte Jansson

    Assisterande Einingsleiar

    977 23 146

    ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

    Om bedriften

    Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

    https://www.nordfjord.no/stad

    https://www.einstadistad.no/

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    0c35a092-77a4-4a89-88b2-416e8ac9e5da

    Sist endret

    10. juni 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    e7a99056f2764432997a92b8ce4cb1d5

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser