Fast 100 % stilling som lærar
Austrheim kommune
Furulyvegen 55, 5943 Austrheim
Om jobben
- Stillingstittel
- Fast stilling lærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. oktober
Om stillinga
Årås skule har frå 1. november 2026 ledig ei 100 % stilling som lærar på 1.–7. trinn.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk lærar som ønskjer å vere med på å utvikle eit inkluderande og trygt læringsmiljø for elevane våre.
Årås skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 270 elevar og 48 tilsette. Skulen er organisert i avdelingar, med ei avdeling for kvart hovudsteg.
Vi har fokus på eit godt klassemiljø som føresetnad for eit godt og inkluderande læringsmiljø, og på tett oppfølging av elevane si læring og utvikling. Årås skule er ein PALS- og MOT-skule, der vi arbeider systematisk for å fremje eit trygt og inkluderande skulemiljø for alle elevar.
Gjennom desse programma rettar vi positiv merksemd mot kvar enkelt elev og legg til rette for å styrkje sosial kompetanse, ansvarskjensle og tilhøyrsle. Målet vårt er å gjere elevane robuste og medvitne i møte med vala dei møter i kvardagen – både med tanke på eiga utvikling og fellesskapet.
Vi har eit eige PALS-team ved skulen, og alle nytilsette får opplæring.
Frå hausten 2026 vert det sett i gang eit større utviklingsprosjekt med lesing som tema.
I tillegg har vi ein miljørettleiar ved Årås skule, som er ein viktig ressurs i arbeidet med elevmiljøet og det førebyggjande arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Årås skule treng ein lærar med kompetanse i engelsk, norsk, matematikk, kunst og handverk og individuelt tilrettelagd opplæring på 1.–7. trinn.
Stillinga kan òg omfatte oppfølging av elevar med behov for individuelt tilrettelagd opplæring og/eller opplæring på ein alternativ opplæringsarena.
Kvalifikasjonskrav
Godkjend grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn eller 5.–10. trinn.
Utdanning frå utlandet må vere godkjend av NOKUT.
Austrheim kommune har nynorsk som målform.
Godkjend politiattest i samsvar med opplæringslova må leggjast fram før tiltreding.
Kven ser vi etter?
Ein lærar som:
Er fagleg trygg og godt førebudd, og planlegg undervisninga grundig – både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer. Har solid innsikt i lærarrolla og god forståing for skulen som organisasjon, og for korleis eigen praksis påverkar heilskapen.
Er synleg og engasjert på skulen sine møteplassar, og deltek aktivt i det profesjonelle fellesskapet. Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø og tek ansvar for å skapa ein inkluderande og støttande kultur.
Kommuniserer tydeleg og skapar gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer, og fungerer som ein trygg og tydeleg klasseleiar. Legg til rette for ein inkluderande og variert undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet, medverknad og tilpassa opplæring.
Er utviklingsorientert og samarbeidsvillig, og arbeider aktivt saman med kollegaer og skuleleiinga for å styrka læringsmiljøet og elevane sitt læringsutbyte.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Ein inkluderande og utviklingsorientert arbeidsplass med eit positivt læringsmiljø og fokus på fagleg samarbeid, fellesskap og deling av god praksis.
- Engasjerte og dyktige kollegaer.
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning
Heim til Austrheim
Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel.
Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
61aa636a-3508-4bcb-a14f-cdd9d1798e49
- Sist endret
9. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10308458