Hopp til innhold

Lærar/undervisningsstilling - 100% vikariat - Hordabø skule 

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Nordbøvegen 1, 5937 Bøvågen

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningsstilling - 100% vikariat - Hordabø skule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 20. september

Om stillinga

Det blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Hordabø skule i Alver kommune frå snarast og fram til 31.12.2026 - Stillinga kan bli forlenga.   

Du kan lese meir om skulen  her. 


Om Hordabø skule

Hordabø skule ligg i Bøvågen,  nord på Radøy. Me har i dag rundt 125 elevar og 25 tilsette. Me har gode uteområde som legg til rette for læring gjennom leik og aktivitet. Skulen har fokus på å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle elevar. I tillegg til læringsmiljøarbeidet er språk, lesing og skriving eitt av våre satsingsområde. Hordabø skule er nærskule til Radøytunet mottakssenter, me har difor elevar frå mange ulike nasjonalitetar. Dette gjev eit rikt og mangfaldig skulemiljø der me legg vekt på inkludering, respekt og fellesskap.


Arbeidsoppgåver

  • planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar
  • systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling
  • aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid
  • skape trygge og gode læringsarenaer der alle elevane er inkluderte

Kvalifikasjonskrav 

Det er ønskjeleg med lærarutdanning for 1-7 eller tilsvarande kompetanse. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Me tilbyr

 

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
  • Tett fagleg samarbeid mellom kollegaer
  • Oppfølging og rettleiing
  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar og sjølvstende.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Politiattest 

I tråd med opplæringsl § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
 


Kontaktperson for stillingen

Marianne Villanger Lilletveit

Rektor

+4745222240

marianne.villanger.lilletveit@alver.kommune.no

Om bedriften

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a0b5ccf4-5e06-472a-a3a1-89e18ec5cd5b

Sist endret

7. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10308205

Lignende annonser

Laster lignende annonser