Hopp til innhold

Ringevikarar - Meland ungdomsskule

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Havnevegen 51, 5918 Frekhaug

Om jobben

Stillingstittel
Ringevikarar - Meland ungdomsskule 25/26
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 31. desember

Om stillinga

Meland ungdomsskule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar.

Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.

Meland ungdomsskule ligg sentralt på Frekhaug, med kort avstand til Bergen og enkel tilgang til kollektivtransport som buss og hurtigbåt. Skulen vår har ein stolt historie og ei utruleg utsikt over fjorden og naturen som omgir skuleområdet. Med omtrent 200 elevar og eit personale på vel 30 dyktige medarbeidarar, er skulen vår prega av mangfald og fellesskap. 

Vi er stolte over å vere ein MOT-skule med stort fokus på eit positivt og støttande læringsmiljø, der vi har som mål å skapa ein trygg og triveleg skulekvardag for alle våre elevar. For at elevane skal få eit godt grunnlag for å meistra livet sitt vidare, satsar vi på utvikling av sosiale ferdigheiter og ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, digital kompetanse og munnlege ferdigheiter. 

Inkluderande undervisning, elevmedverknad, den aktive eleven, og relasjonskompetanse er viktige satsingsområde for oss. Vi jobbar etter LK20 med fokus på organisasjonsutvikling og eit trygt profesjonsfellesskap der me reflekterer, vurderer og kontinuerleg forbetrar vår eigen praksis.


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.


Kvalifikasjonskrav

For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.

For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.

Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.


Vi tilbyr

Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.


Kontaktpersoner for stillingen

Sara Osen Bøe

Rektor

+47 56 17 14 10

sara.osen.boe@alver.kommune.no

Audhild Øksnes

Avdelingsleiar

+4756171400

audhild.oksnes@alver.kommune.no

Om bedriften

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

998587a3-4d73-4055-a685-6332062a3f7c

Sist endret

2. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10262510

Lignende annonser