Hopp til innhold

Grønebakkane bustader

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Grønebakkane bustader

Sted

Grønebakksvegen 7, 5382 Skogsvåg

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar 60% fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Om avdelinga: 

Grønebakkane bustader ligg sentral i Skogsvåg nær offentleg transport og Kommunedelsenter.

Grønebakkane yter heildøgns omsorgstenester til menneske med nedsett funksjonsevne som bur i døgnbemanna bufellesskap og eigne bustadar knytt til ein base. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på. Vi er ei flott og tverrfagleg personalgruppe beståande av vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Stillinga inngår i årsplan med langvakter og arbeid i snitt kvar 4. helg. Det må reknast nokon ordinære vaktar i vekedagane.

Vi har no  ledig stilling 60 % stilling der 16 % er knytt til timebank . 

 

Arbeidsoppgåver:   

  • Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar /arbeidstakar
  • Legemiddelhandtering etter delegert løyve
  • Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte  
  • Primærkontaktoppgåver for arbeidstakarar.
Kvalifikasjonar: 
  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar.
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg eigna
  • Sertifikat kl B
  • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg
  • Må fremvise gyldig politiattest ved ansettelse

 

Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Kompetanse på tenesteutøving for mennesker med komplekse bistandsbehov knytt til utviklingshemming, ulike former for psykiske lidingar og åtferdsproblematikk.
  • Kjennskap til Helse og omsorgstenestelova kap 9 og Pasient og brukerrettighetsloven kap. 4a

 Personlege eigenskapar:

  • Engasjert, fleksibel og initiativrik
  • Open og etisk reflektert
  • Påliteleg, ydmyk, tolmodig og omgjengeleg
  • Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team.
  • Ansvarsbevisst
  • Ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø

 Anna:

  • Stillinga inngår i årsplan med lange vaktar og 12 helger pr år.  
  • Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse 
  • Ledig frå 18.08.2025
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

60449e4f-9431-43a3-a6c6-9bc2ea136471

Sist endret

18. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3590591_241405_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser