Optikar/ortoptist
Augeavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Optikar/ortoptist
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. februar
Augeavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig eit vikariat i 100% stilling for optikar/ortoptist.
Arbeidsperiode: snarast og fram til 31.01.2027.
Augeavdelinga har 9 legestillingar, 2 optikarar og 10,5 sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet innan alle delar av augefaget, i tillegg til omfattande kirurgisk aktivitet.
Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar, og eit godt arbeidsmiljø.
Du kan lese meir om Førde og kva området har å tilby: Sunnfjord kommune
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inneber arbeid som optikar /ortoptist ved augepoliklinikk. Ein samarbeider tett med optikar, lege og sjukepleiar
- Arbeidet består i synsundersøkingar av barn, særskilt retta mot samsyn, strabisme og amblyopi
- Tilpassing av synshjelpemidlar/briller til barn og voksne
- Utmålingar av toriske og monofokale intraokulære linser , og etterkontroller av opererte pasientar.
- Tilpassing av kontaktlinser, bl.a keratokonus-linser
- Optikar/ortoptist vil ta del i diverse oppgaver ved poliklinikken som forundersøking av pasientar, undersøkingar med corneatomograf, foto-/fundusfoto, ultralyd, perimetri og OCT
- Utføre sjølvstendige kontrollar av pasientar som er eigna for optikar /ortoptist.
- Ein inngår i eit tverrfaglig team med sjukepleiar, optikar og lege
- Optikar/ortoptist deltek aktivt i avdelinga si internundervisning.
- God opplæring vil bli gitt
- Nye arbeidsoppgaver kan kome til i form av oppgavglidning, ny teknologi
Kvalifikasjonar
- Utdanning og autorisasjon som optikar med kontaktlinsekompetanse
- Alternativt: Utdanning og autorisasjon som ortoptist.
- Det vektleggast at optikar har masterutdanning evt. ortoptist kompetanse
- Tidligare arbeidserfaring
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du evner å tilpasse og formidle kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Spennande arbeidsoppgåver i eit lærerikt og godt arbeidsmiljø
- Gode arbeidstider
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Andreas Dahl, Avdelingssjef, (+47) 578 39 148Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5072975107
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.01.2027
Søknadsfrist: 16.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Andreas Dahl
Avdelingssjef
(+47) 578 39 148
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5fdcf50e-26e0-456f-b6f9-e52880917858
- Sist endret
30. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ca38ef3d9aa84b3a8349b43c25357e5a
Lignende annonser
Sommarvikariat medisinstudent med lisens
Arbeidsgiver
Augeavdeling, Helse Førde
Sted
Førde
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Kirurgisk sengepost, Helse Førde
Sted
Førde
Lærling i helsefagarbeid
Arbeidsgiver
Kompetanse og utdanning, Helse Førde
Sted
Førde