Hopp til innhold

Spennande stilling som sjukepleiar

Arbeidsgiver

Kirurgisk sengepost, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vi søkjer engasjert sjukepleiar til Kirurgisk sengepost ved Førde sentralsjukehus. Oppstart etter nærmare avtale.


Er du klar for ein kvardag med høgt tempo, fagleg utvikling og eit sterkt fellesskap? Då kan dette vere stillinga for deg! 

Kirurgisk/ØNH/auge sengepost ved Førde sentralsjukehus (FSS) har 16 sengeplassar og tek imot både elektive pasientar og augeblikkeleg hjelp innan eit breitt spekter av kirurgiske fagfelt: 

  • Augekirurgi👁 
  • Endokrinkirurgi🧠 
  • Gastrokirurgi 🍽 
  • Karkirurgi🫀
  • Plastikkirurgi🧬
  • Thoraxkirurgi🫁 
  • Urologi💧 
  • Øyre-nase-hals-kirurgi (ØNH)👂 


Vil du bli ein del av vårt team?

Send inn søknad i dag og bli med på å forme framtidas kirurgiske behandling ved FSS! 


Arbeidsoppgåver

  • Pre og postoperativ sjukepleie, akutt sjukepleie, palliasjon
  • Prosedyrer knytt til dei ulike fagfelta
  • Medikamenthåndtering
  • Dokumentasjon og rapportering
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Samhandling med kommunehelsetenesta

Kven er du?

Vi ser etter deg som: 

  • Er norsk autorisert sjukepleiar
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Har interesse for kirurgiske fag og varierte oppgåver
  • Det er ynskjeleg med kirurgisk erfaring/kompetanse innanfor fagfelta t.d. gastro (stomi), urologi, plastikk, karkirurgi, thorax, øyre/nase/hals (tracheostomi) eller auge.
  • Har medisinsk teknisk kunnskap og IT- kompetanse, fordel å ha kunnskap om programma DIPS Arena, IMATIS, Meona og Orbit

Personlege eigenskapar

  • Tilpassingsdyktig
  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Sjølvstendig

Kva kan vi tilby deg

  • Ein variert og spennande arbeidskvardag med mange prosedyrar og utfordringar
  • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, fokus på kvalitet og fagleg utvikling 
  • Inspirerte og dyktige kollegaer som er gode på samarbeid og trivst i lag 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linn Beate Årnes, Seksjonsleiar, (+47) 952 06 487

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5067113517
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

37bce632-ab2e-45a8-a541-6d5267f8e9df

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d3536933ed114759a7bf58f44aaf88f6

Lignende annonser