Utdanningsstilling i spesialsjukepleie
Operasjon Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Utdanningsstilling i spesialsjukepleie
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 17. juli
Søk utdanningsstilling og bli spesialsjukepleiar - ta steget mot framtidas helsevesen!
Helse Møre og Romsdal Volda sjukehus har eit behov for spesialsjukepleiarar og no lyser vi ut ei utdanningsstilling innan operasjon. Som spesialsjukepleiar hos oss blir du ein nøkkelperson i utviklinga av framtidas sjukehustilbud i Møre og Romsdal. Du vil jobbe i spesialavdeling saman med dyktige kollegaer og vere med på å forme eit nytenkjande helsevesen.
Vi søker deg som ønsker fagleg utvikling, interessante utfordringar og ein givande jobb!
Er du klar for å ta neste steg? Bli med oss - din kompetanse gjer ein forskjell!
Vi tilbyr utdanningsstilling for vidareutdanning (90 studiepoeng) i:For deg som søker operasjonssjukepleie ved NTNU, gjer deg kjent med informasjonen på NTNUs heimesider. Ver merksam på avsnittet om å Avslutte etter 90 studiepoeng, og sjå semesterplan for kull 2026. Utdanningsstillingane gjeld dei som søker master i spesialsjukepleie, og vel utdanningsløpet (90 studiepoeng) og er ferdig uten mastergrad i januar- februar 2028. Helse Møre og Romsdal har avtale med NTNU om praksisstudiar for studentar innan AIO.
Send inn søknad på utdanningsstilling inklusive vitnemål, tjenestebevis (datert 2026) og referansar innan 17. juli 2026. Ansvarleg leiar i fagmiljøet avgjer kven som får tilbud om utdanningsstilling.
Primært gjeld tilbodet om utdanningsstilling for sjukepleiar som ikkje allereie er spesialsjukepleiar.
Dersom du får tilbod om utdanningsstilling i Helse Møre og Romsdal, mottek du stønad ut fra gjeldande retningslinjer. Du må ha fått plass på studiested for å få tilbud om denne stillinga.
Studentar frå alle relevante utdanningsinstitusjonar er velkomne til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Følgje studiestadens studieplan, og møte på all undervisning i teori og praksisstudiar
- Arbeide minst 4 veker i løpet av sommaren etter første studieår
- Etter avslutta utdanningsløp får du bindingstid ved sjukehuset, som regel i tredelt turnus
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Tildelt studieplass på master i spesialsjukepleie i operasjonssjukepleie
- Minst 2 år med relevant klinisk erfaring som sjukepleiar i 100% stilling ved oppstart av studiet
- Gode norskkunnskapar, både skrifteleg og munnleg
Relevant arbeidserfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel
Oppgi referansar frå minst to ulike arbeidsgjevarar/tilsetjingsforhold
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter deg som er motivert for å utvikle spesialsjukepleiafaget og helsetenesta
- Du kan stå i endring, er fleksibel, vil jobbe tverrprofesjonelt, og har gode kommunikasjonsevner
- Du er også kunnskapssøkande og har interesse for teknologi og digitale løysingar, og planlegg ei framtid som spesialsjukepleiar i Helse Møre og Romsdal
Personleg eignaheit blir vektlagd
Vi tilbyr
- Utdanningsstillinga innan operasjon har tilbod om 90% løn i 1,5 år av studietida (90 studiepoeng), og det er 2 års bindingstid i 100% stilling, i tredelt turnus, etter avslutta vidareutdanning
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Etter fullført utdanning tilbys du tilsettingsforhold i HMR
Når du har fått studieplass, last opp bekreftelse på dette i din søknad på Webcruiter og send samtidig e-post via Webcruiter om at du har fått studieplass.
Avdelinga med utdanningsstilling tek gjerne i mot deg for hospitering. Ta direkte kontakt med seksjonsleiar for avtale.
Søknadsfrist for utdanningsstillinga er 17.07.26
Kontaktinformasjon
Camilla Brungot Kile, Konstituert seksjonsleiar, Camilla.Brungot.Kile@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5154222603
Stillingsprosent: 100%
Utdanningsstilling
Søknadsfrist: 17.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5fb4ff6f-c65b-4958-930c-30256050619d
- Sist endret
7. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f96c4f60fe204474989a02d9ba5cf3fd