Hopp til innhold

Rosendal Fjordhotel søkjer kokkar i fast stilling!

Arbeidsgiver

Rosendal Fjordhotel As

Sted

Rosendalsvegen 46, 5470 Rosendal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Ønskjer du å vera med på å gi våre gjester ei smakfull oppleving av Hardanger? Vi søkjer no kokkar til vårt team leia av kjøkensjef Jon Aga.

Vårt kjøken er opptatt av å levere rettar av høg kvalitet og lokale råvarer, og ser etter deg som ønskjer å lage mat med stoltheit.

Stillingstittel
Kokk
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Skift, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hva vi ser etter

Fagbrev er ønskjeleg men ikkje eit krav. Vi oppfordrar deg med relevant arbeidserfaring til å søkja. Personlege eigenskapar og erfaring vert vektlagt. Du har lidenskap og forståing for lokale råvarer og kvalitet.

  • Du beherskar nordisk språk, både munnleg og skriftleg

  • Du trivst i eit variert arbeidsmiljø, som er både hektisk og med rolegare periodar

  • Du har ein positiv energi som smittar over på andre

  • Du er kreativ, engasjert og bidrar med gode tiltak for redusert matsvinn


Arbeidsoppgaver

  • Tilberede og presentere varme og kalde rettar i tråd med hotellet sitt konsept

  • Sikre høg kvalitet på matlaging og råvarehandtering

  • Overhalde rutinar for reinhald, hygiene og mattryggleik

  • Bidra til gode gjesteopplevingar

Vi tilbyr

  • Gode lønns -og pensjonsordningar

  • Personalbustad ved behov

  • Nettverk med gode kollegaer

  • Godt arbeidsmiljø

  • Lunsj og/eller middag inkludert kvar arbeidsdag

  • Stillinga inneber arbeid dag, kveld og helg

  • Rabatterte prisar på overnatting og i restaurant

Om bedriften

Rosendal Fjordhotel er lokalisert ved innløpet av Hardangerfjorden i den vakre baronibygda Rosendal. Vår kjøkensjef, Jon Aga, søkjer no 3 nye kokkar til faste stillingar i vårt kjøken.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5decec0b-c73f-4aba-8969-56b10c4790d5

Sist endret

26. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

5decec0b-c73f-4aba-8969-56b10c4790d5

Lignende annonser