Barnehagelærar/pedagogisk leiar
Herøy kommune, Seksjon barnehage
Rådhusgata 7, 6090 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar/pedagogisk leiar
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Fast, deltid 70%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. desember
Vi søker dyktige og engasjerte barnehagelærarar/pedagogiske leiarar til Herøy kommune. Her får du moglegheita til å vere ein viktig del av barna si utvikling der leik, læring og omsorg går hand i hand.
Vi legg vekt på arbeid med trygt og inkluderande barnehagemiljø, i tillegg til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).
Vi driv eit aktivt utviklingsarbeid. Med basis i nasjonal og lokal rammeplan legg vi særskilt vekt på språkutviklinga til barna, og ser dette i ein heilskapleg samanheng med lesing i grunnskulen.
Vi har ledig:
- 70 % stilling vikariat som barnehagelærar/pedagogisk leiar i perioda 01.12.25 - 13.04.26 i Bergslia barnehage.
- 100 % stilling fast som barnehagelærar/pedagogisk leiar i Leikanger barnehage
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stillinga kan det bli aktuelt å tilsetje ein fagarbeidar på dispensasjon. Vi ser fram til å motta søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- leie og/eller ta del i arbeidet med å skape gode lærings- og arbeidsmiljø
- legge til rette for eit godt samarbeid med foreldra og andre involverte partar i barnehagen
- legge til rette for eit utviklande og inkluderande leikemiljø
- leie og/eller ta del i pedagogisk utviklingsarbeid
- skape gode kvardagar for små og store på di avdeling og heile barnehagen
- tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- godkjend utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar, og gjerne rettleiingskompetanse
- ein trygg og tydeleg leiar som inspirerer både barn og kollega
- evne til å skape eit inkuderande og trygt miljø for alle
- kunnskap om den autoritative vaksenrolla
- kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- god digital kompetanse
For arbeid i barnehage er det krav om bestått norskprøve i tråd med føringar i Lov om barnehagar § 27.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- er engasjert, målretta, fleksibel og lærevillig
- tek initiativ til samspel og aktivitet overfor både barn og kollega
- ser verdien av tverrfagleg samhandling
- god på samhandling og kommunikasjon, i tillegg til at du meistrar å arbeide åleine
- ser løysingar på utfordringar
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar i tillegg til den formelle kompetansen og ansienniteten.
Vi tilbyr
- fagleg utvikling i eigen barnehage og felles i kommunen
- eit støttande og positivt arbeidsmiljø
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- god oppfølging av nytilsette
- god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
- IA-bedrift
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299Arbeidsstad
Rådhusgata 76090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5037874694
Stillingsprosent: 70%
Fast, Vikar
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 12.04.2026
Søknadsfrist: 05.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Elisabeth Warpe
Avdelingsleiar barnehage
+47 97942299
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5dd585a2-2dfe-47cf-b1af-d5834fb02baa
- Sist endret
13. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
54a700f5c0da483780717cb03707cbb2
Lignende annonser
Barnehagelærer
Arbeidsgiver
Norlandia Myklebust Barnehage
Sted
Fosnavåg, Herøy (Møre og Romsdal)
Arbeidsgiver
Måseide barnehage, Sula kommune
Sted
Mauseidvåg
Tilkallingsvikarar Herøy vidaregåande skule
Arbeidsgiver
Herøy vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Fosnavåg