Hopp til innhold

Tilkallingsvikarar i barnehage og skule

Arbeidsgiver

Sektor for læring og kultur

Sted

Rådhusplassen 5, 6060 Hareid

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikarar i barnehage og skule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Sektor for læring og kultur i Hareid søkjer etter engasjerte og omsorgsfulle tilkallingsvikarar som kan tre inn ved behov.


Arbeidsoppgåver

Det daglege arbeidet blir i samarbeid med pedagogisk personale og andre tilsette. Du vil få rettleiing frå kollegaer

  • Vere ein trygg og omsorgsfull vaksen for barn og elevar.
  • Delta i leik, aktivitetar og undervisning.
  • Bidra til eit godt og inkluderande miljø.
  • Følgje rutinar og retningslinjer for skule og barnehage.

Kvalifikasjonar

  • Fagarbeidar/lærar/anna utdanning / ufaglært assistent
  • Personleg godt eigna
  • Erfaring frå skule eller barnehage er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Gode norskkunnskapaar
  • Fleksibel og påliteleg

Politiattest må framvisast før oppstart.

Tuberkulinattest - eigenerklæring må leverast før du tar til i stillinga

Personlege eigenskapar

  • Har interesse for arbeid med barn og unge.
  • Er fleksibel og kan stille opp på kort varsel.
  • Har gode samarbeidsevner og er positiv.

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsdagar i eit godt arbeidsmiljø.
  • Opplæring og støtte frå dyktige kollegaer.
  • Moglegheit til å få verdifull erfaring innan oppvekstsektoren.

Avtale som tilkallingsvikar
Dette inneber at Hareid kommune tek kontakt med deg ved behov for midlertidig tilsetjing, jamfør arbeidsmiljølova paragraf 14-9, og inngår ein avtale. Tilkalling skjer etter behov når vi har fråvær på grunn av sjukdom, ferie eller andre mellombelse forhold. 
Dei enkelte vaktene vert avtalt mellom tilkallingsvikaren og einingsleiar. Hareid kommune har arbeidsgjevaransvar for deg frå du kjem på jobb og til arbeidsdagen er ferdig.  I arbeidstida er du omfatta av pensjons- og forsikringsordningane til kommunen.

Attestar og vitnemål
Dokumentasjon på all kompetanse og arbeidserfaring som kan vere relevant for fastsetting av løn må du levere snarast råd. 

Alle må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Webcruiter. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.

Det er viktig at du skriv om det er barnehage og/eller skule du ynskjer å vere vikar ved.

Kontaktinformasjon

Hege Tretnes, Rektor Hareid Skule, 70037631, hege.tretnes@hareid.kommune.no
Unni Dragsund, Rektor Hjørungavåg skule, 90407243, unni.dragsund@hareid.kommune.no
Siv-Marit Røyset Kaldhol, Rektor Hareid Ungdomskule, 905 59 757, siv.kaldhol@hareid.kommune.no
Vivian Johansen, Rektor Bigset skule, 91820023, vivian.johansen@hareid.kommune.no
Siw Olsen, Styrar Bigset barnehage, 70095080, siw.olsen@hareid.kommune.no
Solveig Ertesvåg, Styrar Syverplassen barnehage, 70095089, solveig.ertesvaag@hareid.kommune.no
Jeanette Reiten, Rådgivar, +47 90071242

Arbeidsstad

Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sektor for læring og kultur

Referansenr.: 5048838984
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 14.12.2025

Om bedriften

GODE TENESTER - GLADE TILSETTE

Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette. 

Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår. 

Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.

Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.

Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.

Jobbe hjå oss - Hareid kommune

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6d6a4f84-5eb9-4ec8-bf5a-bb13ea7c1bab

Sist endret

15. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

5949de04b39c4c389ae2cd8d3887e6cd

Lignende annonser

Laster lignende annonser