Ei nøkkelrolle tett på leiing, drift og menneske, med ansvar for å utvikle og samordne HR-arbeidet i konsernet
Firda Billag AS
Storehagen 4, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- HR-leiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. mars
Som HR-leiar i Firda Billag får du ei sentral rolle i vidareutvikling av konsernet sitt arbeid med leiing, organisasjon og medarbeidarar. Stillinga er nyoppretta og etablert som ein del av konsernet si satsing på å styrke og samordne HR-arbeidet på tvers av selskapa.
Du rapporterer til administrerande direktør og arbeider tett saman med konsernleiinga i strategiske og operative spørsmål knytt til leiing, organisasjon og arbeidsgivaransvar.
HR-arbeidet er i dag organisert som ei sjølvstendig rolle, noko som gir deg eit breitt ansvar og gode moglegheiter til å forme og vidareutvikle struktur, arbeidsmåtar og prioriteringar i tett samarbeid med leiinga og selskapa i konsernet.
Rolla kombinerer strategisk utviklingsarbeid med operativ oppfølging i kvardagen. Du vil bidra til å vidareutvikle konsernfelles praksis, etablere gode prosessar og styrke leiarane i utøvinga av arbeidsgivaransvaret. Samstundes vil du vere ein sentral rådgjevar i rekruttering, kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling og oppfølging av personalsaker.
Vi søkjer deg som trivst i spennet mellom heilskapleg utviklingsarbeid og praktisk gjennomføring, og som blir motivert av å skape gode løysingar tett på drift og menneske i eit konsern med sterke fagmiljø og lange tradisjonar.
Dine hovudmål
- Etablere felles struktur og retning for HR-arbeidet i konsernet
- Styrke leiarane gjennom tydeleg og effektiv HR-støtte i ein driftstung kvardag
- Bidra til eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, nærvær og godt partssamarbeid
Ansvarsområde
- Utvikling og forvalting av konsernet sitt samla HR-arbeid, inkludert konsernstandardar, rutinar og praksis
- Overordna ansvar for rekruttering og bemanning i konsernet
- Støtte og utvikle leiarar gjennom rådgiving, leiarstøtte og kompetansebygging
- Ansvar for arbeidsmiljø, nærvær/sjukefråvær, HMS-relaterte prosessar og personalsaker
- Sikre korrekt og praktisk etterleving av tariffavtalar, partsamarbeid, arbeidstid, turnus og arbeidsmiljølova
- Samarbeid med tillitsvalde og verneteneste, samt relevante eksterne partar som BHT og NAV
Arbeidsoppgåver
I denne rolla vil du mellom anna:
- Utvikle HR-strategi, rutinar og konsernfelles praksis, og sikre at dette fungerer godt i ein driftsnær kvardag
- Vere fagleg rådgjevar og støtte i personalsaker og arbeidsrettslege spørsmål gjennom heile medarbeidarreisa
- Vidareutvikle og kvalitetssikre rekrutteringsarbeidet i konsernet
- Arbeide systematisk med arbeidsmiljø, nærvær og sjukefråvær
- Sikre godt partssamarbeid med tillitsvalte og verneombod
- Ha ansvar for tariffoppfølging, førebuing og gjennomføring av lokale forhandlingar og lønnsoppgjer
- Vere overordna kontaktpunkt mot NAV og samarbeidspartnarar som BHT
- Nyttiggjere HR-data, rapportering og analysar som støtte for leiing, prioriteringar og vidare utvikling
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- Relevant høgre utdanning innan HR, leiing, organisasjonsutvikling eller tilsvarande
- Erfaring frå bredt HR-arbeid, med kombinasjon av strategisk utvikling og praktisk gjennomføring
- God kjennskap til norsk arbeidsliv og relevant regelverk
- Tryggleik i rolla som rådgjevar for leiarar i personalsaker arbeidsrettslege spørsmål
- God forståing for samanhengen mellom menneske, drift og resultat
Det er ein fordel om du har erfaring frå tariffbunden verksemd og partssamarbeid, og trivst i miljø der drift, turnus og bemanningsbehov set rammene for HR-arbeidet.
Personlege eigenskapar
Du er ein person som:
- Er trygg, tillitsskapande og tydeleg i rolla
- Har god rolleforståing og høg integritet i møte med både leiing og medarbeidarar
- Kommuniserer klart og presist, både munnleg og skriftleg
- Handterer fleire parallelle oppgåver og gjer gode prioriteringar i ein hektisk kvardag
- Trivst med ansvar og samarbeid på tvers av fagmiljø og selskap
- Er utviklingsorientert og opptatt av kontinuerleg forbetring
Vi tilbyr
- Ei nøkkelrolle med stor påverknad på utvikling og retning
- Tett samarbeid med leiing og styre
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
Spørsmål om stillinga
Trine Solheim
Konstituert administrerande direktør
Om bedriften
Firda Billag AS er eit konsern med sterk lokal forankring og røter tilbake til 1920. I dag omfattar konsernet seks selskap og om lag 350 medarbeidarar, fordelt på fleire lokasjonar i regionen. Hovudkontoret ligg i Førde.
Gjennom eigarskap i fleire verksemder driv Firda Billag innan persontransport, gods og logistikk, bilutleige, verkstad og eigedom, samt tilknytte administrative og støttefunksjonar. Verksemda spelar ei viktig rolle for mobilitet, verdiskaping og utvikling i lokalsamfunna vi er ein del av.
Som arbeidsgivar og eigar har Firda Billag eit langsiktig perspektiv, med vekt på trygg drift, gode arbeidsforhold og berekraftig utvikling. Vi opererar i ein bransje der kvalitet, sikkerheit og tillit er avgjerande, og der menneska er vår viktigaste ressurs.
Samarbeid, kvalitet og kontinuerleg utvikling står sentralt i måten vi jobbar på. Vi legg vekt på å bygge robuste organisasjonar, utvikle gode leiarar og skape trygge og attraktive arbeidsplassar i regionen.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5c1a9854-59de-4032-b8a9-e623da05ced3
- Sist endret
4. mars 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
453553966
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Sted
Førde
Arbeidsgiver
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Avdeling for kultur og folkehelse
Sted
Bergen, Førde