Er du ein leiar som får folk til å lukkast saman?
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane
Langebruvegen 12, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Dagleg leiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 11. mars
Vi søkjer no etter ny dagleg leiar for Eiendomsmegler 1 Sogn og Fjordane. Dette er ei sentral leiarrolle med fullt ansvar for drift, resultat og vidare utvikling av eit godt drive selskap med sterk posisjon i marknaden.
Som dagleg leiar får du ei rolle med stor påverknadskraft. Du får ansvaret for å ta selskapet vidare i ein konkurranseprega eigedomsmeklingsmarknad, samstundes som du byggjer kultur, utviklar folk og sikrar kvalitet i alle ledd. Du leiar gjennom tillit, er tilgjengeleg i kvardagen og trygg i møte med folk, og evnar å skape engasjement og retning med tydelege krav til kvalitet, samhandling og resultat.
Dette er ei rolle for deg som får energi av å skape resultat gjennom folk. Du er ein tydeleg og samlande leiar som kombinerer forretningsforståing med god gjennomføring i kvardagen. Du har høgare utdanning på minimum bachelornivå, og relevant leiarerfaring. Bakgrunn frå eigedomsmekling er ein fordel. Erfaring frå anna relevant verksemd kan vere like aktuelt.
Du får ansvar for ein organisasjon med 5 kontor: Førde, Florø, Sogndal, Nordfjordeid og Bergen. Rolla krev at du evnar å skape samhandling, felles retning og gode resultat i ein spreidd organisasjon. Dette gjer du gjennom tett oppfølging av dei tilsette, jamnleg tilstadevering på kontora og ved å bidra direkte til både sal og gode kundeopplevingar.
Sentrale arbeidsoppgåverSom dagleg leiar har du det overordna ansvaret for verksemda, både operativt og strategisk. Du leiar organisasjonen gjennom klare prioriteringar, god oppfølging og tydeleg retning.
-
Ansvar for drift, resultat og strategisk utvikling
-
Leie, følgje opp og utvikle medarbeidarane på tvers av geografi
-
Sikre kvalitet, etterleving og god internkontroll
-
Vidareutvikle selskapet si marknadsposisjon i tett konkurranse
Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i SpareBank1 Sogn og Fjordane. Alle nytilsette får tildelt eignekapitalbevis første året etter oppstart, og vi har eit gunstig spareprogram i EK-bevis.
Du får funksjonærlån med god rente og gode vilkår på sparing og forsikring. I tillegg kjem velferdsgoder som leilegheiter og bedriftshytter.
Du vil rapportere til direktør for kunde og marknad, og abeidskvardagen din vil vere prega av korte beslutningsvegar, tett samarbeid og høve til å påverke både retning og prioriteringar.
Dersom du har spørsmål eller ønsker å vite meir om rolla, kan du gjerne ta kontakt medReiel Haugland eller Regine Gausemel.
Vi gjennomfører bakgrunnsundersøkingar av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og anna dokumentasjon. Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest, og søkarar som går vidare i prosessen vil få nærare informasjon om dette i forkant. Bakgrunnsundersøkinga blir utført av Semac AS.Om bedriften
SpareBank 1 Sogn og Fjordane er den sjuande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 78 milliardar kroner og nær 300 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5b624dad-a97b-4af7-84b1-8f3c678ae022
- Sist endret
12. februar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
450258127
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Fjaler kommune Miljøtenesta
Sted
Dale i Sunnfjord
Arbeidsgiver
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Førde Sementvare AS
Sted
Førde