Skog- og utmarksansvarleg
Plan, næring, kultur, Tokke kommune
Storvegen 60, 3880 Dalen
Om jobben
- Stillingstittel
- Skog- og utmarksansvarleg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Har du eit sterkt engasjement for skog, natur og berekraftig ressursbruk? Vil du jobbe i ei kommune der fjell, vatn, jakt, friluftsliv og levande bygder er ein del av kvardagen? Då kan dette vere draumejobben din.
Tokke kommune har ledig 100 % fast stilling som skog- og utmarksansvarleg frå 1. juni 2026.
Stillinga er organisert i Plan-, næring- og kulturetaten, og er ein del av eit tverrfagleg fagmiljø som arbeider med samfunnsutvikling, arealforvaltning klima og berekraft. Som skog- og utmarksansvarleg får du ei sentral rolle i forvaltninga av Tokke sine store utmarks- og skogressursar. Du vil vere bindeleddet mellom grunneigarar, næringsliv, forvaltning og politiske organ. Dette er ei stilling med stor fridom, mykje ansvar og høve til å setje spor.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver som du skal gjere:
- Forvaltning og utvikling av kommunen sine skog- og utmarksressursar
- Saksbehandling etter skog- og viltlovverk, og motorferdsle i utmark
- Rettleiiing av grunneigarar, næringsaktørar og publikum
- Arbeid med jakt, fiske og friluftsliv
- Prosjekt- og utviklingsarbeid innan skog, klima og berekraft
- Tverrfagleg samarbeid internt i kommunen, og samarbeid med dei andre kommunane i Vest-Telemark
- Kontakt med regionale og statlege myndigheiter
Kvalifikasjonar
Me ser etter deg som:
- Har relevant høgare utdanning innan skogbruk, naturforvaltning eller tilsvarande
- Har god kjennskap til aktuelt lovverk innan fagområde
- Relevant praksis kan kompensere for utdanningskrav.
Personlege eigenskapar
Me leiter etter desse eigenskapane hos deg:
- Du må jobbe strukturert og sjølvstendig
- Du må ha gode samarbeidsevner
- At du kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg
- Du må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
Me tilbyr:
- Ei meiningsfull stilling i ein kommune med store naturverdiar
- Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit til å påverke utviklinga av Tokke si framtid
Kontaktinformasjon
Knut Erik Paulsen, Kommunalsjef, +47 90528586
Arbeidsstad
Storvegen 60
3880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommune
Referansenr.: 5079032022
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Knut Erik Paulsen
Kommunalsjef
+47 90528586
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5b5d3c79-6d4a-4eb1-89bb-68c952a96c94
- Sist endret
16. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1562850fcdb644deb749a197ec7da543
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Åheim, Tokke kommune
Sted
Dalen
Ledig 100% vikariat Høydalsmo skule - vår 2026
Arbeidsgiver
Oppvekst, Tokke kommune
Sted
Dalen
Arbeidsgiver
Oppvekst, Tokke kommune
Sted
Dalen