Hopp til innhold

Vikariat - Styrar Byrte barnehage

Arbeidsgiver

Oppvekst, Tokke kommune

Sted

Storvegen 60, 3880 Dalen

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat - Styrar Byrte barnehage
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest onsdag 11. mars

Det er ledig 100%  vikariat som styrar ved Byrte barnehage frå snarast og fram til 31.07 - 2027.

Tokke kommune har sett fokus på  fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar.                                                                                                                                        Styrar i Byrte samarbeider tett med Dalen barnehage i høve utviklingsarbeid. Styrar i Byrte er ikkje definert som mellomleiar.

Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt – betre tverrfagleg innsats (BTI).

Frå hausten 2023 vart barnehagane i Tokke «Liv og røre barnehagar».

Byrte barnehage er ein 1 avdelings barnehage med plass til inntil 12 barn (avhengig av alder på barna). Me har barn i alderen 1 - 6 år.                                                        Barnehagen er ein del av Byrte samfunnshus med flotte turområder, badeplass og skiløyper i nærleiken.

Organisering
Barnehagen i Byrte er open måndag, tysdag og onsdag frå kl 07.30 – 16.30.
Det er totalt 2 - 3 tilsette (inkludert styrar)  med ei ressursramme på ca. 180%. 
Dei 3 dagane barnehagen er open vil du vere pedagogisk leiar.
Torsdagane nyttast til administrasjon - og møtetid.
Då ein får lange arbeidsdagar måndag til torsdag vil ein kunne avspasere dei fleste fredagar.


Arbeidsoppgåver

  •  Leie barnehagen med  fag - og personalansvar.
  •  Oversikt over økonomi.
  •  Sikre forsvarleg drift innanfor tilgjengelege ressursar og gjeldande lovverk.
  •  Sørge for at barnehagen utviklar seg som ein lærande organisasjon.
  •  Ansvar for samarbeid med føresette, planlegging og gjennomføring av foreldremøte.

Kvalifikasjonar

  • Barnehagelærarutdanning eller tilsvarande.
  • Utdanning innan leiing og leiarerfaring er ønskjeleg.
  • Kunnskap om lov- og regelverk gjeldande for fagområdet.
  • Gjerne noko erfaring med budsjett og økonomi.
  • Kunne sette seg inn i og ta i bruk digitale fagsystem/verktøy.
  • God dugleik innan skriftleg og munnleg kommunikasjon.

Personlege eigenskapar

  • Like å leie andre menneske og vere medviten eiga leiarrolle.
  • Evne til å inspirere og motivere.
  • Vere interessert i fagleg utvikling.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
 

Vi tilbyr

  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår.
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat.
  • Eit godt arbeidsmiljø 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                             
Andre opplysningar:

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben. 
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

  

Kontaktinformasjon

Tone Lunde Skaalen, Kommunalsjef Oppvekst, +47 97171406

Arbeidsstad

Storvegen 60
3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tokke kommune

Referansenr.: 5078891659
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Tone Lunde Skaalen

Kommunalsjef Oppvekst

+47 97171406

Om bedriften

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b7ef850d-dbe2-4191-9310-b3e52d3b2226

Sist endret

24. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7c7128d4d1334fdea8c1216f1d915fd5

Lignende annonser