Miljøterapeut
Oppvekst, Tokke kommune
Storvegen 60, 3880 Dalen
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Dersom ønskjeleg vil ein prøve å fylle opp stillinga med andre oppgåver i oppvekst for å få ein 100% stilling.
Skulane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande skule for alle, og ha eit godt skulemiljø med mange aktivitetar for elevane.
Arbeidsoppgåver
* Det vil vera oppgåver knytt til det å jobbe med sosiale aktivitetar og skulemiljø for alle elevane på skulen..* Det vil også vera oppgåver knytt til oppfylging av elevar med særskilde behov.
* Vera ein god støttespelar for elevar i skulekvardagen.
* Samarbeide med ulike team og aktørar i skulen.
* Arbeide aktivt med skulemiljøet til elevane.
* Arbeide med ulike aktivitetar i fylgje årshjulet til skulen.
* I skulens feriar vil miljøterapeuten få andre oppgåver i etaten, relatert til born og ungdom.
* Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
* Relevant høgskule- eller universitetsutdanning på minst bachelor nivå (eks. vernepleiar, sosionom eller barnevernspedagog)* Erfaring frå arbeid med barn og ungdom med særskilde behov er ynskjeleg.
* Vi legg stor vekt på erfaring og at ein er eigna for stillinga.
Personlege eigenskapar
* Du likar å arbeide med ungdom.* Er flink til å bygge relasjonar opp mot elevane.
* Du likar å arbeide i team/grupper og samarbeider godt.
* Du er fleksibel og har lett for å omstille deg.
* Du er robust og handterer utfordrande situasjonar.
* Du har godt humør.
* Kan ta initiativ og arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
* Ein spanande og variert skulekvardag saman med flotte elevar og vaksne
* Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
* Eit godt arbeidsmiljø
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Andre opplysningar
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Den som får stillinga må ha førarkort og bil til disposisjon i arbeidet.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
Ynskjer ein meir informasjon kan du ta kontakt med rektor ved Tokke skule, Mona Seltveit, e-post: mona.seltveit@tokke.kommune.no eller mob.: 916 99 148
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Kontaktinformasjon
Tone Lunde Skaalen, Kommunalsjef Oppvekst, +47 97171406Arbeidsstad
Storvegen 603880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 5101806115
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Tone Lunde Skaalen
Kommunalsjef Oppvekst
+47 97171406
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b25fb2f6-96a3-4f46-b070-512dd3ef7007
- Sist endret
26. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a4c9042fb03447fe8c37a45aa614f1b3