Vikariat som barnehagelærer i 100%
Prestagardskogen FUS barnehage as
5414 Stord
Om jobben
- Oppstart
- 15. august 2026
- Stillingstittel
- Barnehagelærer
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, ukedager
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. juni
Barnehagelærer
Tidsperiode 15.08.2026 til 01.04.2027
Vil du vere med og gi barn ein magisk kvardag full av leik, læring og nysgjerrige augeblikk masse ute i naturen? Vi ser etter ein engasjert barnehagelærar til barnehagen vår på Stord – ein stad der det er lov å både le, lære og prøve nye ting.
Om oss
Vi er ein privat liten barnehage. 3 avdelinger kor alle har fokus på friluftsliv.
Her møter du:
- Eit varmt, inkluderande og fagleg sterkt personalteam
- Ein kultur prega av nysgjerrigheit, tryggleik, skaparglede og tilstedeværelse
- Ein del av ein større kjede med solid kompetanse og gode faglege ressursar
- Eit miljø der kunnskapsdeling, initiativ og nye idéar blir tatt imot med opne armar
Dine arbeidsoppgåver
Som barnehagelærar er du ein viktig del av barnas kvardag – og kollegaene dine sin. Du vil:
- Planleggje, gjennomføre og evaluere pedagogisk arbeid i tråd med rammeplanen
- Skape trygge, inkluderande og leikande læringsmiljø for alle barn
- Vere primærkontakt og ha tett dialog med foresatte
- Bidra aktivt i faglege refleksjonar og utviklingsarbeid
- Rettleiie og samarbeide med resten av personalgruppa
- Delta i utvikling av barnehagen både fagleg og organisatorisk
Kvalifikasjonar og erfaringer
Vi ser etter deg som:
- Har godkjent utdanning som barnehagelærar eller tilsvarande (evt. PPU/ped. utdanning)
- Gjerne har 0–10 år erfaring frå barnehage, men nyutdanna er også varmt velkomne
- Har gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg (minimum nivå B2)
- Det er lov å være ny, men du må inneha et ønske om å lære og utvikla deg.
- Likar å samarbeide i team, og bidreg til eit positivt og løysingsorientert arbeidsmiljø
- DU HELD HØGT BAREHAGENS SATSNING PÅ FRILUFTSLIV. Du trenger ikke ha kunnskap på Lars Monsen nivå, men du må like friluftsliv, forstå verdien for barna, og legge dagane opp etter det, samtstundes som du heile tiden tek til deg ny kunnskap om faget
Kvifor jobbe hos oss?
Vi vil at du skal trivast – både fagleg og menneskeleg. Hos oss får du:
- Gode lønns- og pensjonsordningar etter tariff og ordna arbeidsvilkår
- Forutsigbare arbeidstider og trygge rammer i kvardagen
- Arbeidstøy tilpassa årstid og arbeidsoppgåver (ja, vi veit det regnar innimellom på Stord)
- God oppfølging og rettleiing, spesielt for nyutdanna, du får arbeida med en erfaren pedagogisk leder.
- Interne kurs, kompetansehevingsprogram og rom for fagleg og personleg utvikling
- Eit inkluderande, støttande og engasjert arbeidsmiljø der alle røyster tel
Slik går du vidare
Høyrest dette ut som ein arbeidskvardag for deg? Send inn søknad og CV gjennom søknadsportalen vår.
Fortel gjerne kort kven du er, kvifor du trivst i barnehage, og når du kan starte. Vi vurderer søknader fortløpande.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5aa38831-594d-4f71-b640-cdda053e3526
- Sist endret
8. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4f942bb85faf42fb9d797b09c2806aa1