Hopp til innhold

Lærar

Arbeidsgiver

Bygland skule, Bygland Kommune

Sted

Fv322 140, 4745 Bygland

Om jobben

Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 2. mars

Har du lyst til å vere med og forme skular som det verkeleg blir satsa på?

I så fall har du sjansen no – i eit svangerskapsvikariat fram til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging.

 
Bygland skule har fokus på uteskule og fysisk aktiv læring, og vi nyttar både fjord og fjell i kvardagen.
Vi har god kompetanse på dysleksi, lesing og skriving, og har fokus på inkludering og kvardagsmeistring.
 
Bygland skule har om lag 80 elevar fordelt på 1. til 10. trinn. Dette gir oss eit unikt høve til å arbeide heilskapleg, og vi har fokus på laget rundt barnet. Som ein del av dette flotte kollegiet blir du godt tatt imot, og får ein triveleg arbeidskvardag med god oppfølging både frå kollegaer og leiing. Du får høve til å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
 
Vi arbeider i hovudsak i team fordelt på barneskulen, mellomtrinnet og ungdomsskulen, men har også samarbeid på tvers av alle trinn.
 
Bygland skule har moderne fasilitetar, symjebasseng og storbrukshall.


Arbeidsoppgaver

  • Undervisning på 8.–10. trinn.
  • Sosialfagleg rådgivar som arbeider både på system-, klasse- og individnivå.
  • Samarbeide med lærarar, skuleleiing, skulehelseteneste og andre fagpersonar for å sikre heilskapleg oppfølging av elevane.
  • Arbeid med individuelt tilrettelagt opplæring.
  • Samarbeid med foreldre/føresette.
  • Pedagogisk utviklingsarbeid innanfor og på tvers av team.
  • Delta i planleggingsarbeid, samarbeidsmøte, personalmøte, ansvarsgruppemøte og kursverksemd etter avtale og plan.
  • Planleggje og evaluere eige arbeid.
  • Bidra til å bygge ein robust skulekultur som fremjar trivsel, samarbeid og sosial kompetanse.

Kvalifikasjoner

  • Godkjent lærarutdanning.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. 

Ønskeleg med:
  • Erfaring frå arbeid som sosiallærar/rådgivar.
  • Erfaring som kontaktlærar.
  • Erfaring med individuelt tilrettelagt opplæring.

Personlige egenskaper

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

  • Positivt elevsyn, raus, tydeleg og omsorgsfull.
  • Evne til å kommunisere med, og bygge gode relasjonar til barn og kollegaer.
  • Evne til å handtere utfordringar med tolmod og ro, og skape ei trygg og inkluderande atmosfære der elevane kjenner seg sett og respektert.
  • Like og samarbeide, samtidig som ein òg må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Fleksibel og løysingsorientert, samt gjennomføringsevne.

Vi tilbyr

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Høve til å vere tett på den einskilde eleven, gjere ein stor forskjell og vere med på spanande pedagogisk utviklingsarbeid.Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Flotte uteområde med kort veg til fjord og fjell.
  • Pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse og KLP, samt gode personal- og skadeforsikringsordningar.
  • Regjeringa har innført ei ordning som gjev moglegheit for nedskriving av studielån for personar som bur og arbeider i ei distriktskommune.
  • Lønn etter gjeldande tariff.

Vilkår for tilsetjing
For tilsetjing i skulen er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn tre månader. Denne må leggjast fram før tilsetjinga trer i kraft (jf. opplæringslova § 10-9 og forskrift til opplæringslova kap. 15).

Alle vitnemål og attestar skal lastast opp i søkjeportalen.

Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom ei oppmoding om reservasjon ikkje kan imøtekomenast (jf. offentleglova § 25).

Kontaktinformasjon

Lene Fjerdingstad, Rektor/Virksomhetsleder, +4797506414

Arbeidssted

Fv322 140
4745 Bygland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bygland Kommune

Referansenr.: 5078527339
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 02.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Lene Fjerdingstad

Rektor/Virksomhetsleder

+4797506414

Om bedriften

Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

58d7a529-e41b-4289-bce0-7836e7e84237

Sist endret

12. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6d92980c9128422c823ba938460da78f

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Byglandsfjord skule, Bygland Kommune

Sted

Byglandsfjord