Undervisningsstillingar
Bygland skule, Bygland Kommune
Fv322 140, 4745 Bygland
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar
- Oppstart
- 3. august 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. mars
Har du lyst til å vere med og forme skular som det verkeleg blir satsa på?
I så fall har du sjansen nå – Vi har to ledige vikariat for skuleåret 2026/27:
- 1 vikariat i 80 % som kontaktlærar på mellomtrinnet.
- 1 vikariat i 30 % som faglærar i ungdomsskulen med ansvar innan fysisk aktiv læring.
Bygland skule har fokus på uteskule og fysisk aktiv læring, og vi nyttar både fjord og fjell i kvardagen.
Vi har god kompetanse på dysleksi, lesing og skriving, og har fokus på inkludering og kvardagsmeistring.
Bygland skule har om lag 80 elevar fordelt på 1. til 10. trinn. Dette gir oss eit unikt høve til å arbeide
heilskapleg, og vi har fokus på laget rundt barnet. Som ein del av dette flotte kollegiet blir du godt tatt imot, og får ein triveleg arbeidskvardag med god oppfølging både frå kollegaer og leiing. Du får høve til å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
Vi arbeider i hovudsak i team fordelt på barneskulen, mellomtrinnet og ungdomsskulen, men har også samarbeid på tvers av alle trinn.
Bygland skule har moderne fasilitetar, symjebasseng og storbrukshall.
Arbeidsoppgaver
- I vikariatet på 80% er det undervisning på 5.–7. trinn.
- Samarbeide med lærarar, skuleleiing, skulehelseteneste og andre fagpersonar for å sikre heilskapleg oppfølging av elevane.
- Arbeid med individuelt tilrettelagt opplæring.
- Samarbeid med foreldre/føresette.
- Pedagogisk utviklingsarbeid innanfor og på tvers av team.
- Delta i planleggingsarbeid, samarbeidsmøte, personalmøte, ansvarsgruppemøte og kursverksemd etter avtale og plan.
- Planleggje og evaluere eige arbeid.
- Bidra til å bygge ein robust skulekultur som fremjar trivsel, samarbeid og sosial kompetanse.
Kvalifikasjoner
For begge stillingane:- Godkjent lærarutdanning.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
I vikariatet på 80 % er det ønskjeleg med:
- Erfaring som kontaktlærar.
- Erfaring med individuelt tilrettelagd opplæring.
- Erfaring med fysisk aktiv læring
- Engelsk
Personlige egenskaper
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
- Positivt elevsyn, raus, tydeleg og omsorgsfull.
- Evne til å kommunisere med, og bygge gode relasjonar til barn og kollegaer.
- Evne til å handtere utfordringar med tolmod og ro, og skape ei trygg og inkluderande atmosfære der elevane kjenner seg sett og respektert.
- Like og samarbeide, samtidig som ein òg må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
- Fleksibel og løysingsorientert, samt gjennomføringsevne.
Vi tilbyr
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Høve til å vere tett på den einskilde eleven, gjere ein stor forskjell og vere med på spanande pedagogisk utviklingsarbeid.Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Flotte uteområde med kort veg til fjord og fjell.
- Pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse og KLP, samt gode personal- og skadeforsikringsordningar.
- Regjeringa har innført ei ordning som gjev moglegheit for nedskriving av studielån for personar som bur og arbeider i ei distriktskommune.
- Lønn etter gjeldande tariff.
Vilkår for tilsetjing
For tilsetjing i skulen er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn tre månader. Denne må leggjast fram før tilsetjinga trer i kraft (jf. opplæringslova § 10-9 og forskrift til opplæringslova kap. 15).
Alle vitnemål og attestar skal lastast opp i søkjeportalen.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom ei oppmoding om reservasjon ikkje kan imøtekomenast (jf. offentleglova § 25).
Kontaktinformasjon
Lene Fjerdingstad, Rektor/Virksomhetsleder, +4797506414Arbeidssted
Fv322 1404745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 5080411808
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 16.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Lene Fjerdingstad
Rektor/Virksomhetsleder
+4797506414
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
63a54429-0c55-4882-982c-8acc457e084a
- Sist endret
13. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6a09732c7b3f4be3a998da9a24394865
Lignende annonser
Lærar
Arbeidsgiver
Byglandsfjord skule, Bygland Kommune
Sted
Byglandsfjord
Arbeidsgiver
Bygland skule, Bygland Kommune
Sted
Bygland
Arbeidsgiver
Bygland Kommune
Sted
Bygland