Sommarjobb for ungdommar i Bygland
Frivilligsentralen, Bygland Kommune
Presteneset 2, 4745 Bygland
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarjobb for ungdommar i Bygland
- Type ansettelse
- Sesong, deltid 20%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. mars
Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland. BUA er ei nasjonal ordning som låner ut utstyr til barn og unge. BUA Bygland låner ut gratis utstyr til alle slags aktivitetar, både sommar og vinter. Ved å opprette ein BUA-konto kan alle låne utstyr heilt gratis. I tillegg arrangerer BUA Bygland gratis aktivitetar for barn og unge. Vil du vite meir om BUA, finn du informasjon her: https://www.bua.no/utlansordninger/bua-bygland
Er du mellom 16 og 20 år og busett i Bygland? Vi søker no unge voksne/ungdommar til jobb på BUA sommeren 2025 i perioden uke 23 (frå 01.06) til uke 31. (oppstart vil vere avhengig av når du sluttar på skulen). Arbeidstida kan variere, nomalt 7,5 timer per dag, og som regel frå kl. 10.00-17.30. Vi treng difor følgande:
- Ein arbeidsleiar som er hovudansvarleg for drift av BUA i sommar.
- Inntil fire ungdommar som skal vere aktivitetsansvarlege.
Alle får tilbod om å gjennomføre livredningsskurs som vert dekka av arbeidsgivar.
I søknaden ber vi deg oppgi kva stillingar du søkjer på. Skriv ein søknad der du skildrar deg sjølv, og kva du eventuelt tidlegare har hatt av sommarjobbar eller andre jobbar, samt kva du driv med på fritida. Det er fint om du også legg ved attestar og vitnemål.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsleiar
- Overordna ansvar for dei fire andre ungdommane. Du rapporterer til leiar i Frivilligsentralen
- Setje opp bemanningsplan for aktivitetar for barn og ungdom og i BUA.
- Ansvar for aktivitetsplan og gjennomføring av den.
- Ekstra ansvar for ivaretaking av HMS og sikkerhet.
- Frakte ungdom og utstyr til og frå aktivitetar.
- Medvirke i planglegging og gjennomføring av daglege aktivitetstilbod ute og inne i 3 veker.
- Medvirke til å bemannne BUA på Bygland, og sjølvbetente BUA på Byglandsfjord og i Åraksbø.
- Det er ein fordel med interesse for friluftsliv og fysisk aktivitet.
Kvalifikasjoner
Arbeidsleiar- Erfaring med arbeid med barn og unge er ein fordel.
- Leiarerfaring er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Du må vere over 18 år.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Det er ein fordel med førarkort for tilhengjar, men ikkje eit krav.
- Villig til å køyre minibuss (bussen kan køyres på vanleg sertifikat).
- Må kunne beherske data og SoMe (sosiale medium som Facebook og Instagram).
Aktivitetsansvarlege
- Du må vere mellom 16 og 22 år.
- Erfaring med arbeid med barn og unge er ein fordel.
- Erfaring frå friluftsliv og fysisk aktivitet er ein fordel
Personlige egenskaper
- Du er ansvarsfull og sjølvstendig.
- Du er serviceinnstilt.
- Du er lærevillig.
- Du trivst med å jobbe med barn og unge.
Vi tilbyr
- Ein triveleg arbeidsplass med mykje aktivitet.
- Løn etter Hovudtariffavtalen i kommunen og tilrådingar for løn til unge arbeidstakarar.
- Alle får tilbod om å gjennomføre livredningsskurs som vert dekka av arbeidsgivar.
- Arbeidsleiaren får 10–15 timar ekstra betalt for naudsynte førebuingsoppgåver.
Det vert kravd politiattest for personar som utfører eller skal utføre oppgåver for frivillige organisasjonar som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming. Politiregisterforskrifta § 34-12, jf. politiregisterlova § 39 første ledd. Politiattesten må ikkje vere eldre enn 3 månader.
Kontaktinformasjon
Anne Fauske, Leder, +4791601089Arbeidssted
Presteneset 24745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 5088362308
Stillingsprosent: 20%
Sommerjobb
Søknadsfrist: 23.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Anne Fauske
Leder
+4791601089
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aab0a504-a0fb-46c0-a1a6-dd75e470b10a
- Sist endret
5. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ceb24f9dced46bca67615d157593325
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bygland skule, Bygland Kommune
Sted
Bygland
Arbeidsgiver
Hovden Fjellbad As
Sted
Hovden i Setesdal, Bykle, Agder
renholder, housekeeping
Arbeidsgiver
Stiftelsen Risøy Folkehøyskole
Sted
Gjeving, Agder