Sjukepleiar/Vernepleiar
Bygland Kommune
4745 Bygland
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/Vernepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. februar
Helse- og omsorgstenesta i Bygland kommune har om lag 50 årsverk. Eininga omfattar mange ulike fagområde, mellom anna sjukeheim, heimebaserte tenester (open omsorg), habiliteringstenesta, helsestasjon, jordmor, flyktningteneste, psykisk helse og rus, samt institusjonskjøkken. Tenesta har eit leiarteam som består av kommunalsjef for helse og omsorg, ein rådgjevar og tre avdelingsleiarar. Leiarteamet arbeider tett saman på tvers av avdelingane.
Bygland er i utvikling, og vi skal tilpasse oss morgondagens tenestebehov. Vi satsar på systematisk fagutvikling, meistring, velferdsteknologi og tillitsbasert leiing. Vi ønskjer å fokusere på kombinasjonen av «varme hender» og velferdsteknologi, slik at folk skal kunne bu der dei ønskjer, så lenge som mogleg.
Kommunen er ein del av innovasjonspartnerskapet i Agder, som utviklar tenester der målet er at brukarane skal oppleve tryggleik og sømlause tenester i eigen heim og på institusjon.
Me treng dykk som er sjukepleiarar eller vernepleiarar, og som framleis er svoltne på nye utfordringar. Har du stor arbeidskapasitet og trivst med travle arbeidsdagar? Det er viktig at du er flink med folk, og at du har evne til å rettleie, setje grenser og gjere kollegaene dine gode. Fordi me er opptekne av å stadig forbetre og utvikle tenesta, må du òg vere positiv til endringar.
Vi har no to ledige stillingar:
1 x 20 % fast helgestilling og 60 % vikariat, totalt 80 %. Turnus er tredelt med noen 12,5 timers vakter innimellom. Til denne stillinga ønskjer vi primært sjukepleiarar. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar som sjukepleiarar, kan vi opne for vernepleiarar. Tiltreding: snarast. Vikariatets sluttdato: 03.01.2027.
1 x 80 % svangerskapsvikariat som nattevakt. Tiltreding frå mai 2026 til august 2027. Til denne stillinga er vi opne for både sjukepleiarar og vernepleiarar.
Stillingane høyrer til pleie- og omsorgseininga i Bygland kommune og er lokaliserte på Byglandsheimen.
Arbeidsoppgaver
- Sjukepleiefagleg ansvar.
- Inneha funksjon som skiftleiar på vakt.
- Sikre dokumentasjon i samsvar med lovverket.
- Vere primærkontakt for brukarar.
- Fagleg ansvar, mellom anna iverksetjing, oppfølging og evaluering av tiltak.
- Bidra med kompetansehevande kollegarettleiing, undervisning og rettleiing av andre tilsette, brukarar, pårørande og eventuelt andre som treng det.
Kvalifikasjoner
- Offentleg godkjend sjukepleiar/vernepleiar med norsk autorisasjon. HPR‑nummer skal førast i CV.
- Det er ønskjeleg med Førarkort klasse B.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå kommunehelsetenesta.
- God kjennskap til bruk av IKT.
- Tilfredsstillande norskkunnskapar med god evne til å formidle både skriftleg og munnleg.
- Tilfredsstillande politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden, men må leverast snarast mogleg etter tilbod om tilsetjing, og før ein tek til i stillinga.
Personlige egenskaper
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
- Gode samarbeidsevner – du er flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team.
- Evne til å opptre sjølvstendig, er initiativrik og fleksibel, ser kva som må gjerast og får det gjort.
- Du er utviklingsorientert, analytisk, ryddig, resultatorientert og kvalitetsbevisst.
Vi tilbyr
- Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter.
- Meiningsfylte arbeidsoppgåver i samarbeid med trivelege og kompetente medarbeidarar.
- Tarifflønn og eit rekrutteringstilskot (Grunnløna etter reell ansiennitet, pluss rekrutteringstilskotet, blir lik grunnløna til ein arbeidstakar med full ansiennitet).
- Kompensasjonstillegg for nattevaktstilling.
- Medlemskap i KLP.
- Vilkår elles i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og regulativ.
Kontaktinformasjon
Sofie Oliegreen, Avdelingsleder helse, +4794189036Arbeidssted
4745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 5070407675
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 23.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Sofie Oliegreen
Avdelingsleder helse
+4794189036
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
705113b1-6cd2-4765-84fd-ac8e45e8f632
- Sist endret
6. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aa1149ef5ba44984adcf26dedd23019d
Lignende annonser
Sykepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar
Arbeidsgiver
Helse og omsorg, Bygland Kommune
Sted
Bygland
Ferievikar 2026-Sykepleier,vernepleier,helsefagarbeider, hjelpepleier, miljøterapeut, studenter
Arbeidsgiver
ARA døgn Byglandsfjord
Sted
Byglandsfjord
Miljøarbeidar
Arbeidsgiver
Helse og Livsmeistring, Bygland Kommune
Sted
Byglandsfjord