Hopp til innhold

Prosjektansvarleg

Arbeidsgiver

Forvaltning, Valle kommune

Sted

Kjellebergsvegen 1, 4748 Rysstad

Om jobben

Stillingstittel
Prosjektansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 3. juni

Velkomen til Valle i Setesdal!

I Valle kommune ligg avgjerdene nær menneska, naturen og kvardagen. Her får du høve til å kombinere fagleg ansvar med eit liv i eit roleg, men levande lokalsamfunn i vekst. I Valle får du både natur- og kulturopplevingar som bidreg til god livskvalitet og trivsel!

Vi søkjer no ein prosjektansvarleg til teknisk eining, med eit særleg ansvar som beredskapskoordinator for Valle kommune. Dette er ei sentral stilling for deg som trivst med ansvar, samarbeid og konkrete resultat – og som ønskjer å jobbe tett på både fagmiljø, leiing og lokalsamfunn. Her får du ein meiningsfull jobb, stort ansvar og høve til å påverke både kvardagen og framtida til ei heil bygd. Du får påverknad frå dag ein, rom for eigne idear, og høve til å være ansvarleg for viktige utviklingsprosjekt som betyr noko både i dag og for framtidige generasjonar. 


Arbeidsoppgåver

  • Leie kommunale byggeprosjekt innan samfunn og tekniske tenester – frå konseptfase til ferdigstilling
  • Vere kommunens beredskapskoordinator
  • Koordinere prosjekt der eksterne prosjektleiarar står for gjennomføring
  • Sørge for gode innkjøpsprosessar og samhandling
  • Sakshandsaming til politiske utval
  • Bygge vidare på kommunens prosjektrutinar og styringsstruktur

Vi ser etter deg som

  • har relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå
  • har erfaring frå bygg- og anleggsprosjekt
  • er trygg i prosjektleiing og økonomistyring
  • har kunnskap om offentlege innkjøp og anskaffingsregelverk
  • meistrar digitale verktøy godt
  • ønskjer å busetje deg i eller nær kommunen - det er viktig med tanke på rolla som beredskapskoordinator
  • jobbar strukturert, systematisk og sjølvstendig
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • får ting gjort og leverer med kvalitet
  • personleg eignaheit vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av Valle kommune
  • Stor grad av tillit, ansvar og handlingsrom
  • Eit inkluderande og kompetent fagmiljø
  • Løn etter avtale og gode offentlege vilkår
  • Moglegheit for hjelp til bustad og etablering
  • Rimelege tomter og gode tilskotsordningar for nybygg og renovering
  • Garantert barnehageplass
  • Full dekning i kulturskulen
  • Ein kvardag tett på natur, folk og ro

 

Om søknaden:
  •  CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
  • Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.

Valle kommune ønskjer mangfald og oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkarliste. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast skriftleg jf. offentleglova § 25. Dersom ønsket ikkje kan imøtekoma, vil du bli varsla før offentleggjering.

Kontaktinformasjon

Magnus Berg, Leiar Teknisk eining, 95868750, magnus.berg@valle.kommune.no

Arbeidsstad

Kjellebergsvegen 1
4748 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5128647339
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Magnus Berg

Leiar Teknisk eining

95868750

magnus.berg@valle.kommune.no

Om bedriften

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

 Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5841e766-6614-4557-a93b-ef1106182ed9

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a61522bc712043d487167a84626f09a9

Lignende annonser

Laster lignende annonser