Rådgjevar plan
Stabseining samfunnsutvikling, Bygland Kommune
Sentrum 18, 4745 Bygland
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar plan
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 26. mai
Vil du vere med og forme Bygland kommune?
Kommunalområdet Samfunn i Bygland kommune omfattar om lag 20 årsverk og har ansvar for plan, byggjesak, oppmåling, teknisk drift, landbruk, næring samt drift (vedlikehald og reinhald). Samfunnsavdelinga er nyleg omorganisert, og vi legg stor vekt på teambasert arbeid og samarbeid på tvers av fagområde. Du må trivast med utfordringar og ansvar, vere lærevillig og ha god arbeidskapasitet.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk rådgjevar innan plan.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende og gode høve til å påverke. Du vil arbeide med heile planprosessen, frå kontakt med grunneigarar og samspel med politisk nivå, til gode interne prosessar i Samfunnsavdelinga og elles i kommunen. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna å skrive føresegner, utarbeide plankart ved hjelp av kommunen si programvare, samt å forstå samanhengen mellom planlegging og anna relevant lovverk.
Vi ber alle søkjarar leggje ved dokumentasjon på utdanning, attestar og vitnemål i søknaden. Dokumentasjonen vert brukt til å stadfeste kvalifikasjonane som går fram av CV, og ved lønsfastsetjing.
Opplysningar om søkjarar kan verte gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om fritak frå offentlegheit. Dersom fritak ikkje kan innvilgast, vil søkjaren verte varsla (jf. offentleglova § 25).
Arbeidsoppgaver
- Planarbeid, mellom anna oppfølging av reguleringsplanar, kommuneplan og temaplanar.
- Nokre byggje- og delingssaker etter plan- og bygningslova.
- Rettleiing til innbyggjarar, utbyggjarar og samarbeidspartnarar.
- Forvalting og utvikling av kart og geodata (GIS).
- Bidrag i tverrfaglege oppgåver og prosjekt innan kommunalområde samfunnsutvikling.
Kvalifikasjoner
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå innen: arealplanlegging, by- og regionplanlegging, samfunnsplanlegging, fysisk planlegging.
eller anna relevant høgare utdanning. - Erfaring frå arbeid med heile planprosessen.
- God kjennskap til plan- og bygningslova.
- Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye system.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Førarkort klasse B.
Det er ønskjeleg med:
- Det er ein fordel med røynsle i bruk av GIS-, kart- og arealverktøy.
- Kjennskap til areal- og klimarekneskap, samt relevante natur- og miljødatabasar.
- Kunnskap om offentleg forvaltning.
Personlige egenskaper
Er samfunnsengasjert og har interesse for samfunnsutvikling.
- Arbeider effektivt og tek ansvar for framdrift i eigne arbeidsoppgåver.
- Kommuniserer tydeleg og har gode formidlingsevner i dialog med innbyggjarar, politikarar, næringsliv og kollegaer.
- Er løysingsorientert, nysgjerrig og set deg raskt inn i nye problemstillingar.
- Har blikk for både detaljar og heilskap, og tenkjer både praktisk og strategisk.
Vi tilbyr
- Ei spennande og variert stilling der du får nytte heile breidda av planfaget.
- Eit godt fagmiljø med dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar i KLP.
- Varierte, utfordrande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver med stor påverknadskraft.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling i ein kommune som har som mål å vere framoverlent og handlekraftig.
- Kort veg mellom plan og avgjerd, med reell moglegheit til å påverke.
- Eit godt og sosialt arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid og fleksitidsordning, med moglegheit for noko heimekontor.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Aslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675Arbeidssted
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 5121407842
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Aslak Jørundland Brekke
Kommunalsjef
+4791693675
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
74420552-faf9-4e3b-9eb7-1733628d450e
- Sist endret
1. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0b4065a9d53148b48d714afdb5703c84