Hopp til innhold

ID 2412 Driftsoperatør elektro - Eining for tekniske tenester

Arbeidsgiver

Stord kommune

Sted

Stord

Om jobben

Stillingstittel
Driftselektriker
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. februar

Tekniske tenester er ei eining i Stord kommune som er lokalisert på Rundehaugen 45, på Heiane. Eininga har totalansvaret for utbygging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg, anlegg og veg. Stillinga vil for tida ha sitt daglege arbeid på alle kommunale bygg og anlegg.

Det er ledig ein fast 100% stilling som driftsoperatør elektro.

Stillinga er ledig frå snarast. Det kan bli aktuelt at stillinga inngår i vaktordning på kommunale bygg.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Serviceinnstilt

  • Fagbrev innan fagområdet elektro

  • Førarkort kl. B

  • Det er ønskeleg med erfaring frå drift og vedlikehald av bygningar.

Personlege kvalifikasjonar:

  • Kan arbeida og avklara arbeidsoppgåver sjølvstendig

  • Vektlegg å få til eit godt og trygt arbeidsmiljø

  • Er kostnadsmedviten og ynskjer å stå på for arbeidsplassen sin

  • Er fagleg flink og har interesse av å utvikla seg innan arbeidsfeltet

  • Har gode samarbeidsevner

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Medlemskap i Stord ve og vel, med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, hytte på Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare informasjon om stillinga kan de få ved å kontakta avdelingsleiar, Tekniske tenester Leif Rune Gravdal, 975 52 020

Kontaktperson for stillingen

Leif Rune Gravdal

Avdelingsleiar

9755 2020

leif.rune.gravdal@stord.kommune.no

Om bedriften

Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

580d0aab-cc95-47f7-9a4f-fa45f0350789

Sist endret

23. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

580d0aab-cc95-47f7-9a4f-fa45f0350789

Lignende annonser

driftsoperatør

Arbeidsgiver

EIU - Drift og vedlikehald, Vestland fylkeskommune

Sted

Bergen

ID 2412 Driftsoperatør elektro - Eining for tekniske tenester - arbeidsplassen.no