Hopp til innhold

Sikre reint vatn til innbyggjarane i Stord kommune

Arbeidsgiver

Stord Vatn og Avløp AS

Sted

Rundehaugen 45, 5406 Stord

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Ingen mulighet for hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Stord Vatn og Avløp AS er eit kommunalt eigd aksjeselskap med ansvar for drift og utvikling av vass- og avløpsinfrastruktur i Stord kommune. Me er ein viktig aktør i arbeidet med å sikre berekraftig utvikling og trygg vassforsyning for innbyggjarane. Stord Vatn og Avløp AS har 33 tilsette som jobbar saman i eit sterkt fagmiljø og tilbyr interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø. Me har tett samarbeid med rådgjevarar og entreprenørar for å sikre eit trygt VA-anlegg .

Hugs å opplysa om kva stilling du søkjar på.

Driftsoperatør vassverk

Utdanning og erfaring:
  • Fagbrev som driftsoperatør, kjemi, prosess, elektro, automasjon eller annet relevant fagbrev.

  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev

  • Driftsoperatørkurs innanfor vassverk er ønskeleg

  • Ordinært førarkort kl. B

  • Anlegget har avansert drifts overvakingssystem, og søkjer må beherske bruk av ulike dataverktøy

Arbeidsoppgåver
  • Drift, vedlikehald og optimalisering av vassverket

  • Vere med i den daglege drifta av vassverket

  • Drift av vassmålarstasjonar, høgdebasseng og damanlegg.

  • Forfallande arbeid innan vass- og avløpsnettet

For stillingen som Driftsoperatør lekkasjesøk

Utdanning og erfaring:
  • VVS/VA røyrleggar. Anna relevant fag-utdanning/erfaring kan bli vurdert som aktuell.

  • ADK

  • Førarkort kl. BE

  • Gode norskkunnskapar- både munnleg og skrifteleg

  • God kunnskap i bruk av data og ulike datasystem for rapportering

Arbeidsoppgåver
  • Drift av vatn og avløp

  • Vasslekkasjar

  • Vedlikehald av vasskummer og leidningsnett

  • Stenging av vatn for prosjekt og private

  • Prøvetaking av vasskvalitet

  • Leite etter vasslekkasje på kommunale/private leidningar

  • Bruk av inspeksjonskamera og traselytting

For stillingen som Driftoperatør leidningsnett gjeld følgande:

Utdanning og erfaring:
  • Maskinførarbevis.

  • ADK

  • Maskinførar med erfaring i VA-grøft(kombiman)

  • Førarkort kl. BE

  • Gode norskkunnskapar- både munnleg og skrifteleg

  • Traktor erfaring

  • God kunnskap i bruk av data og ulike datasystem for rapportering

Arbeidsoppgåver
  • Drift av vatn og avløp

  • Vasslekkasjar

  • Utføre arbeid/graving i grøft og montering av VA-anlegg

  • Stenging av vatn for prosjekt og private

  • Vedlikehald av avløpsstasjonar

  • Du vil operera gravemaskiner av varierande storleik i samband med arbeid på leidningsnett og anlegg.

  • Vedlikehald av maskiner og utstyr

  • Montering og plassering av kummer i samband med arbeid på leidningsnett og anlegg.

Felles for alle stillingene gjelder; Me tilbyr
  • Moglegheit for å bidra til viktig samfunnsnyttig utvikling av framtidas infrastruktur

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving

  • Godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknad og CV kan sendast tilpost@stordva.no

Sjå utlysning av dei ulike ledige stilligane på: www.stordva.no

Om bedriften

Nyoppretta aksjeselskap for vatn og avløp i Stord kommune.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bfd8947c-1979-4d00-827b-2657791d48f6

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

451883266

Lignende annonser

Laster lignende annonser