Vil du jobba med å fremja trivsel, nærvær og ein berekraftig arbeidskvardag?
Lærdal kommune Helse og omsorg
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Fysioterapeut nærvær - prosjektstilling
- Type ansettelse
- Prosjekt, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. februar
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.Lærdal kommune arbeider med eit treårig utviklingsprosjekt som skal styrke det systematiske arbeidet med å førebygge sjukefråvær og skape helsefremjande arbeidsplassar. Målet er å fremje trivsel, nærvær og ein berekraftig arbeidskvardag for alle tilsette.
Vi søkjer no ein offentleg godkjent fysioterapeut med engasjement for både systematisk helsearbeid og klinisk oppfølging. Du vil få ei sentral rolle i oppfølginga av prosjektet – og ansvar for at arbeidet vert vidareført og integrert i ordinær drift etter prosjektperioden.
I tillegg vil stillinga omfatte kurativt arbeid retta mot vaksne pasientar i arbeidsfør alder.
Arbeidsoppgåver:Prosjekt og systemnivå- Jobbe tett med einingsleiarar for å førebygge sjukefråvær og styrke positive nærværsfaktorar i organisasjonen.
- Utvikle og gjennomføre frisklivstiltak for tilsette.
- Rettleie og gi fagleg rådgjeving til leiarar og medarbeidarar.
- Bidra til tilretteleggingstiltak på arbeidsplassen.
- Ha systematisk kontakt og samarbeid med fastlegar, NAV/Arbeidslivssenteret, vernetenesta, frisklivssentralen og andre relevante aktørar.
- Planleggje og gjennomføre konkrete nærværstiltak på utvalde arbeidsplassar.
- Pasientbehandling og individuell oppfølging, i hovudsak vaksne i arbeidsfør alder.
- Tverrfagleg samarbeid rundt pasientar – både på individ- og systemnivå.
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga etter avtale.
- Offentleg godkjent fysioterapeut med norsk autorisasjon.
- Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel.
- Erfaring frå arbeid med arbeidshelse er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Me legg særleg vekt på at du:
- jobbar sjølvstendig, strukturert og målretta
- kommuniserer godt og trivst med samarbeid
- har ei positiv og løysingsorientert tilnærming
- er lyttande, motiverande og trygg i møte med andre
- er komfortabel med å presentere og snakke i større forsamlingar
- er nysgjerrig, engasjert og utviklingsorientert
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Moglegheit for kurs og etterutdanning
- Eit godt arbeidsmiljø med trivelege og dyktige kollegaer
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
56f9d56d-7771-477d-806f-b6f798ba6b53
- Sist endret
5. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3592667_248649_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Sted
Aurland
100% fast stilling som helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Sted
Lærdal
Fulltid som sjukepleiar kombinert sjukeheim/ KAD
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Sted
Lærdal