ID 2417 Avdelingsleiar - Stord sjukeheim
Stord kommune
Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar, avdelingssjukepleiar, spesialsjukepleiar
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Stord sjukeheim er ein institusjon med 117 plassar Desse er fordelt på 6 avdelingar. Avdelingane er fordelt med ansvar for ulike pasientgrupper som somatikk, avdelingar for personar med demenssjukdom, avdeling for personar med utfordringar knytt til psykisk helse og rus, korttid og eit bufellesskap med heildøgns bemanning. Stord sjukeheim er ein del av eining for institusjon saman med Knutsaåsen omsorgssenter.
Det er ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar, for tida ved avdeling Knausen/Kringsjå. Arbeids- og ansvarsområde:Stord sjukeheim er ein prosess der me ser på organisering og struktur difor kan strukturen på avdelingane endra seg noko. Dette vil du som avdelingsleiar vere ein viktig del av.
Me leitar etter deg som er motivert, løysningsorientert og som ynskjer å ta del i utviklinga av Stord sjukeheim.
Du som avdelingsleiar vil ha ei viktig rolle inn i endringsarbeid, fagutvikling i tillegg til ansvar for den daglege drifta.
Me er i gang med arbeidet med korleis me skal organisere oss for framtida med rett bruka av ressursar, til rett tid og på rett plass. Her vil du som avdelingsleiar vera ein viktig bidragsytar i arbeidet i tett samarbeid med tillitsvalde og verneombod. Du vil ha fokus på personaloppfølging, turnusplanlegging og fagleg utvikling i avdelinga og i eininga i tråd med økonomiske tildelte rammer.
Du vil verta ein del av leiarteamet til eining for institusjon som har eit felles ansvar for utvikling av tenestene med tanke på fag, personell og økonomi.
Du vil samarbeida tett med fagkoordinatorar på avdelinga og resten av leiargruppa i eininga og du rapporterer til einingsleiar.
Nærmaste overordna er einingsleiar.
Personlege eigenskapar som vil verte vektlagt:-
Du er fagleg sterk leiar som er god til å involvere, motivere og myndiggjere medarbeidarane
-
Du har god gjennomføringsevne, er trygg i rolla som leier og klarar å skapa engasjement
-
Du likar struktur og orden, samtidig som du er løysningsorientert og fleksibel
-
Du opptrer roleg i komplekse situasjonar og meistrar periodar med høgt arbeidstempo
-
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og er dyktig til å bygge relasjonar på tvers i organisasjonen.
Kvalifikasjonskrav:
-
Avdelingsleiar skal ha norsk autorisasjon som sjukepleiar og gode norsk kunnskapar, det er ynskjeleg med tilleggsutdanning eller erfaring innan administrasjon og leiing.
-
Relevant fagleg vidareutdanning som geriatri, kommunehelseteneste eller rehabilitering er ein fordel.
-
Du treng gode datakunnskapar og kjennskap til relevante fagsystem
-
God framstillingsevne både munnleg og skriftleg
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane 53454510 / 92486358
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
566802e4-8a88-49b4-9e66-a00f59f8f092
- Sist endret
30. januar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
566802e4-8a88-49b4-9e66-a00f59f8f092
Lignende annonser
Vernepleiar, sjukepleiar, anna relevant sosialfagleg utdanning
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
lege, legespesialist, indremedisin eller geriatri
Arbeidsgiver
Sunnhordland interkommunale legevakt SIL og døgnavdeling IDA
Sted
Stord
Avdelingsleiar – sjukepleiar i demensomsorg (60% leiing / 40% fag)
Arbeidsgiver
Etne kommune Pleie og omsorg
Sted
Etne