Avdelingsleiar Sveio helsestasjon
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar Sveio helsestasjon
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. mars
Om stillinga
Vår erfarne og dyktige avdelingsleiar skal pensjonera seg til sommaren. Vi søkjer difor ein fagleg sterk og engasjert helsesjukepleiar til å leie Sveio helsestasjon. Stillinga kombinerer leiing og administrative oppgåver med å vere utøvande helsesjukepleiar.
Sveio helsestasjon er organisert med ei jordmor og fem helsesjukepleiarar. Tenesta omfattar svangerskapsoppfølging, helsestasjon for barn 0 - 5 år, skulehelseteneste, smittevern og flyktninghelseteneste. Psykisk helse for barn og unge er også organisert under avdelinga.
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å forma framtidas helsestasjonstilbud – i et miljø som er fagleg sterkt, engasjert og der ein er oppteken av å gi gode tenester til innbyggarane i Sveio. Ein vil vere ein del av eit tverrfaglig team som arbeider for at barn, unge og familiar skal få eit trygt, tilgjengeleg og godt tilbod. Foreldregrupper er ein grunnpilar ved tilbodet på Sveio helsestasjon, der alle føresette får tilbod om å delta i 8 barselgrupper i barnet sitt fyrste leveår.
Sveio helsestasjon er ein del av den nyetablerte Eining for barn og familie der vi har samla sentrale tenester for barn, unge og deira familiar som jordmortenesta, helsestasjon- og skulehelsetenesta, familierettleiarar, psykisk helseteneste for barn og unge, ressursteam og koordinator barn og unge. Den einskilde tenesteytar og hjelpetenestene skal samarbeida til det beste for det einskilde barnet og familien og til saman utgjera eit godt lag. Sveio kommune nyttar BTI (Betre Tverrfagleg Innsats) som samhandlingsmodell for å sikra godt samarbeid mellom tenestene, tidlig hjelp og brukarmedverknad. Felles kompetanseheving og fagleg utvikling sentralt i etablering av ny eining.
Avdelingsleiar ved Sveio helsestasjon rapporterer til einingsleiar Barn og familie. Som leiande helsesjukepleiar har ein ansvar for dagleg drift av kontoret inkludert det faglege ansvaret.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift av Sveio helsestasjon som inneber tenestene svangerskapsomsorg, helsestasjon 0 - 5 år, skulehelseteneste, smittevern og flyktninghelseteneste og psykisk helse barn og unge
- Leie eit dedikert tverrfagleg team og skapa eit miljø som er prega av tryggleik, engasjement, fagleg vekst og kvalitet
- Bidra til utvikling av helsestasjonen som helsefremjande og førebyggjande og sikre ivaretaking av helsesjukepleierfaget
- Sikre at ein jobbar etter gjeldande lover, retningslinjer og kvalitetskrav for å få ei fagleg forsvarlege tenester
- Tverrfagleg samarbeid med sentrale samarbeidspartar internt i kommunen og eksterne samarbeidspartnarar
- Representere avdelinga i ulike samarbeidsfora i kommunar og helseforetak
- Representere avdelinga i ulike prosjekt
- Kvalitetsarbeid og internkontroll
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med autorisasjon som helsesjukepleiar
- God forståing av helsestasjonen sitt fagfelt, faglege retningslinje og relevant lovverk
- Erfaring frå helsestasjon- og skulehelsetenesta
- Erfaring med leiing, kvalitetsarbeid og tenesteutvikling er ein fordel
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid
- Trygg i bruk av digitale verktøy
Personlege eigenskapar
- Du trivst med å skape helsestasjonen som ein god og trygg stad for barn, føresette og tilsette
- Du skaper tryggleik, gode relasjonar og motiverer folk rundt deg
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du trivst med utviklingsarbeid og er fagleg engasjert
- Strukturert, sjølvstendig og ansvarsbevisst
- God rolleforståing som leiar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f850cf62-04e9-4d77-b76a-62c0f4577fc7
- Sist endret
11. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10286401