Hopp til innhold

Tenesteleiar Måløy Heimeteneste 

Arbeidsgiver

Kinn kommune

Sted

Gate 1 64, 6700 Måløy

Om jobben

Stillingstittel
Tenesteleiar Måløy Heimeteneste
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. mars

 

Kinn kommune er ein heimetenestekommune, og satsar på kvardagsmeistring og velferdsteknologi. Måløy Heimeteneste har base på ICT bygget. Tenesta har dyktige tilsette som er fag- eller høgskuleutdanna, fleire av dei har også 1 eller fleire vidarutdanningar. Kinn kommune har kompetanselønnssystem som godtgjer tilleggsutdanning. Vi nyttar årsturnus og tilbyr  todelt turnus.


Arbeidsoppgåver

Som tenesteleiar har du ansvar for å utvikle eit kreativt og kunnskapsbasert arbeidsmiljø i heimetenesta og på dagtilbod for eldre. Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømebygging. Du, i samråd med medarbeidarar, har ansvar for at  kvaliteten på tenesta som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Kinn kommune har satt.

Tenesteleiar har eit heilskapleg ansvar for sitt område i høve:
• Planlegging, kvalitet og fagutvikling
• Sakshandsaming
• Økonomi -budsjettstyring 
• Leiing og personalansvar

Tenesteleiar rapporterer direkte til kommunalsjef for Helse og velferd.

Kvalifikasjonar

3 årig høgskule eller meir innan helse og omsorgsfag
Du må ha leiarerfaring og det er ynskjeleg med vidareutdanning i leiing 
Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er Cos Doc ,RS og WebSak.

Gjerne erfaring og kompetanse i tverrfagleg samarbeid og teamarbeid

Personlege eigenskapar

Er lojal og har evne til å gjennomføre politiske og administrative avgjerder

Har gode kommunikasjonsevner og sosial kompetanse.
Likar endring og er god på å leie sine medarbeidarar gjennom endringsprosesser

Kan jobbe sjølvstendig

Er fleksibel, kreativ, nytenkjande og løysingsorientert
Likar å ha ansvar, tek  ansvar og ansvarleggjer tilsette   

Vi tilbyr

Ein kompetansearbeidsplass der du får vere med å utvikle tenestene saman med andre 

Samarbeid med mange motiverte og godt kvalifiserte medarbeidarar

Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag

Deltaking i nettverk med dei andre tenesteleiarane i Helse og velferd

Høve til personleg utvikling og fagleg etter- og vidareutdanning

Vi har rutine på korleis nye leiarar får oppfølging og rettleiing

Systematisk etisk refleksjon for leiarar.

God pensjonsordning i KLP

Løn etter kompetanse

Kontaktinformasjon

Elin Sørbotten, Kommunalsjef helse og velferd, +47 40412850

Arbeidsstad

Gate 1 64
6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5091511147
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Elin Sørbotten

Kommunalsjef helse og velferd

+47 40412850

Om bedriften

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

33fe3072-649f-4e01-a507-e5f6d6dff40a

Sist endret

5. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

992c6451c8ef493d835874a34f3d36d2

Lignende annonser