Hopp til innhold

Sommerjobb ved Hardangerfjorden?

Arbeidsgiver

Hardanger Fartøyvernsenter ved Hardanger og Voss museum

Sted

Sandvenvegen 58, 5600 Norheimsund

Om jobben

Er du glad i folk, historie og maritime miljø? Hardanger Fartøyvernsenter søkjer etter vertskap som kan bidra til å gje våre gjester unike opplevinger. Sommarjobb hjå oss er variert, sosialt og lærerikt!

Stillingstittel
Museumsvert
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Sesong, heltid 100% og deltid 60%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

Send søknad til

personal@hvm.museum.no

Hva vi ser etter

God stemning og godt miljø er viktig for oss. Derfor ser me etter deg som er glad i å formidle, og trivst i vertskapsrolla.

Du må ikkje vere ekspert på båtbygging eller tradisjonshandverk, me gir deg opplæringa du treng!

Me trur at både studentar, skuleelevar og vaksne kan trivast med sommarjobb på Hardanger Fartøyvernsenter.

Det er ønskjeleg at du:
  • Snakkar godt norsk og engelsk. Kan du fleire språk er det ein bonus.

  • Er punktleg, ansvarsbevisst, kan arbeide sjølvstendig og tek initiativ.

  • Har lyst til å lære, og likar å snakke med folk.

  • Trivst med, til tider, høgt tempo.

  • Kjenner deg igjen i våre verdiar: Truverdig, raus og engasjert.

#sommerjobbivest

Arbeidsoppgaver

Du får ei viktig rolle i å formidle levande handverkstradisjonar, og stillingane har kombinerte roller som omvisar, museumsvert og kafémedarbeidar.

Arbeidsoppgåver vil inkludere mellom anna:

  • Omvising: Formidling av senteret si historie, båtbygging og fartøyvern til besøkande turistar.

  • Museumsvert: Møte gjester, selje billettar og informere om aktivitetane på området.

  • Kafé og butikk: Servering av enkel mat som kaffi og kaker, og sal av gjenstandar frå museumsbutikken vår.

  • Resepsjon: Ta imot gjester, selje billettar og informere om alt Fartøyvernsenteret har å by på.

  • Aktivitetar: Hjelpe til med aktivitetar i tunet på Hardanger Fartøyvernsenter.


Vi tilbyr

  • Ein unik arbeidsplass i vakre omgjevnader, i eit nasjonalt senter for fartøyvern.

  • Gode kollegaer, og eit inkluderande arbeidsmiljø.

  • Full opplæring.

  • Hardanger og Voss museum er tilknytta tariffavtalen "Landsoverenskomsten for museer og andre kulturinstitusjoner".

  • Hovudsesong frå juni til august.

  • Noko arbeid kan påkomma i påskeveka.

  • Individuelle avtalar om arbeidsperiode.

  • Turnus med helgearbeid.

Kontaktperson for stillingen

Olav Hanto

Einingsleiar for publikum og formidling

91 72 40 72

olav.hanto@hvm.museum.no

Om bedriften

Hardanger Fartøyvernsenter er eit av tre nasjonale senter for fartøyvern, eit levande museum vakkert plassert ved Hardangerfjorden i Norheimsund. Hos oss møtest tradisjonelt handverk og moderne formidling. Vi arbeider for å ta vare på maritime kulturminne gjennom aktivt bruk, båtbygging og restaurering, og skapar unike opplevingar for våre besøkjande.

Senteret ein del av Hardanger og Voss museum, ei nyskaping i norsk samanheng, med satsing på fartøyvern, leirskule, reiseliv, museum, formidling til born og unge, fagopplæring og vern av gamle handverkstradisjonar.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

564533d4-dfc5-4b67-b70d-ee007d61b738

Sist endret

27. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

564533d4-dfc5-4b67-b70d-ee007d61b738

Lignende annonser