Hopp til innhold

Sommarvert på Hardanger folkemuseum - Utne

Arbeidsgiver

Hardanger Folkemuseum

Sted

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Om jobben

Stillingstittel
Museumsmedarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Sesong, heltid og deltid
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. februar

Send søknad til

personal@hvm.museum.no

Hva vi ser etter

Me ser etter deg som
  • er serviceinnstilt og trivst i møte med publikum
  • snakkar godt norsk og engelsk - og gjerne andre språk
  • har gode samarbeidsevner
  • er ansvarleg, påliteleg og fleksibel
  • har interesse for kulturhistorie, folkedrakter, byggeskikk eller musikk (ein fordel, men ikkje krav)
  • Tidlegare erfaring frå service, museum, reiseliv eller kafé er positivt, men ikkje nødvendig - full opplæring blir gitt.

    Me har behov for ulike stillingsprosentar, og oppmodar folk i alle aldersgrupper til å søkje. Du treng ikkje kunne jobbe heile perioden for å vere aktuell.

    Arbeidsoppgaver

    Hardanger folkemuseum søkjer engasjerte og serviceinnstilte sommarvertar til resepsjon/museumsbutikk og kafé i perioden mai - august
    2026.

    Arbeidet kan passa både for ungdom som ynskjer arbeidserfaring, og for pensjonistar som har lyst på ein liten sommarjobb.

    Som sommarvert er du museet sitt ansikt utad og ein viktig del av opplevinga for besøkande frå inn- og utland. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag i eit levande museumsmiljø, med ansvar, læring og møte med menneske og kultur.

    Arbeidsoppgåver Resepsjon / museumsbutikk
  • Ta imot og ønskje besøkande velkomen
  • Billettsal og informasjon om museet
  • Sal i museumsbutikken
  • Enkle formidlingsoppgåver og omvisingar i utstillingar og tun
  • Kafé
  • Enkel matlaging og sal av mat og drikke
  • Kundebehandling og ansvar for dagleg drift
  • Reinhald og orden i kaféområdet
  • Felles for begge stillingane:
  • Praktiske oppgåver knytt til opning, drift og stenging av museet
  • Generelt reinhald og orden
  • Bidra til ei trygg, triveleg og profesjonell museumsoppleving
  • Vi tilbyr

    Me tilbyr
  • Løn etter tariff
  • Varierte arbeidsdagar der ingen dagar er like
  • Arbeidserfaring med ansvar
  • Kunnskap om norsk og lokal kulturhistorie
  • Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffa husvære
  • Kontaktperson for stillingen

    Ingvild Hauso

    Avdelingsleiar

    90078277

    ingvild.hauso@hvm.museum.no

    Om bedriften

    Hardanger folkemuseum er det eldste folkemuseet i Hordaland, og vart skipa i 1911.

    Museet ligg på neset på Utne, med vakkert utsyn over fjord og fjell. Her kan ein oppleva Hardangerkulturen i naturskjønt landskap, og vitja utstillingar i eit moderne administrasjonsbygg, og historiske bygningar i museumstunet.

    Fokusområda våre er bunadstekstil, folkemusikk og bygningsvern og me er pr i dag 13 stk som arbeider på museumet.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    79a1d33c-626a-406a-b674-d7d816148fbc

    Sist endret

    6. februar 2026

    Hentet fra

    Stillingsregistrering

    Referanse

    79a1d33c-626a-406a-b674-d7d816148fbc

    Lignende annonser